Kva skal vi klage over no?

Linda Regina Bruvik

Linda Regina Bruvik Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel
DEL

2013. Flora kommune har kjøpt sjukehuset frå Helse Førde. Kommunen skal utvikle Trovikeigedommen i lag med private aktørar. Vi har vårt eige bryggeri, som er blitt ein nasjonal suksess. 2012-rekneskapen til Robek-kommunen Flora viser 19 millionar i overskot. Og det er målkongen Bengt Solheim-Olsen som er ordførar.

Alt går så det kostar etter, og oljebasen veks ut over alle magemål.

Over 200 nye bustader er under bygging, og det er planlagt for ti gonger så mange. Vi har arrangert Melodi Grand Prix tre gonger, støtta av fylkeskommunale kroner. Flyplasskapasiteten er snart sprengt, og verftet har nye, norske eigarar som satsar offensivt. Folketalet er i ferd med å bikke 11.700. Og til hausten startar det høgskulestudium i Florø!

NEI, DETTE ER ikkje ein framtidsvisjon a la «2001: En romodyssé». Dette er ikkje politiske ønskedraumar i eit nedstøva visjonsdokument full av gode ønsker, utan realistisk innhald. Det er ikkje ein ungdomsskulestil om korleis ein håpar Flora vil sjå ut om 10–20 år. Men det er ein florøpatriots sine villaste draumar come true. Og det er faktisk status anno 2013. Per i dag kunne verda knapt sett betre ut for Florø, og det er gode dagar for oss patriotar.

Hadde du sagt til meg for ti år sidan at Florø skulle arrangere Melodi Grand Prix-delfinale, så hadde eg ledd rått og trudd du hadde tørna. Hadde du sagt at i 2013 starta det første kullet på subseaingeniørutdanning i Florø, så hadde eg sagt «dream on!». Viss du hadde påstått at Bengt'en skulle bli ordførar, så hadde eg ledd rått (sorry, Bengt!). Eg hadde heller aldri trudd at FSK skulle slå Sogndal sitt eliteserielag på Florø stadion og fostre tippeliga- og landslagsspelarar, eller at nokon skulle gå på slakk line over Kinnaklova.

MEN EIN av dei tinga som kanskje sjokkerer oss patriotar aller mest, er at resten av fylket plutseleg har fått auga opp for Florø. Dei ser no sitt snitt til å få ein del av oljekaka, og summar rundt kystbyen som bier rundt ei honningkrukke. Her har vi fått vere i fred på kysten i over 150 år, fått vekse og blomstra ved hjelp av lokale eldsjeler og vikingsk kystpågangsmot. Men no spyr plutseleg fylket ut analyser, rapportar og næringsbarometer som viser at Florø er motoren i fylket, Florø skal vere livmora, Florø er navet.

Dette er i sterk kontrast til Florø sin situasjon dei siste tiåra. Vi stod som kjent att på perrongen på 70-talet. Sidan har vi gått glipp av helsehøgskulen, sjukehuset, offentlege kontor, statlege arbeidsplassar og masse unge utdanna folk. Fylkesadministrasjonen har vore frykteleg langt unna.

No er vi altså i denne nye situasjonen at fylkeslyskastarane er vendt mot Florø. Vi veit ikkje heilt om vi skal le eller grine, eller korleis vi skal takle dette nye fokuset. Betyr det at vi no endeleg får ta litt frå Førde, slik vi så inderleg har drøymt om i alle år? Stele nokre arbeidsplassar, eit helsetilbod, eit par butikkar, eller i alle fall få noko som dei ikkje får smake på? Betyr det at vi no faktisk må oppføre oss som ein del av fylket?

Vi treng uansett ikkje å glede oss over andre si ulykke lengre. For vi har vår eiga lykke å bekymre oss over. Vi skal begynne på nytt – no blir vi ein høgskuleby! Studentby! Oljeby, vekstby, kanskje til og med riggvedlikehaldsby! Ut med miljøby, sykkelby, Fairtrade-by.

Inn med olje, vekst, og planering og steinfylling i sjøen mellom holmar og skjær. No må vi prøve å legge bak oss 40 år med sjukehusstrid og sjå framover. Det er vi som har oljeeventyret, oljeutdanninga, the sky is the limit!

NÅR vi snakkar om himmelen, så er det jo sjølvsagt framleis mørke skyer i horisonten. Kjem det nokre Oslo-politikarar å tar politidistriktet vi kjempa så hardt for? Ryk alarmsentralen og redningshelikopteret i same sluket? Vert alle bevegelege helligdagar flytta til Førde? Vert fleire kystvegar lagt midt inne i Sogn?

Uansett, vi får heilt sikkert noko å chitchat-klage over. I det minste kjem det uansett sikkert til å regne vertikalt og horisontalt i vekevis både i løpet av våren, sommaren og hausten. Og vi kjem dessverre ikkje til å bli ein del av Hordaland fylke med det første.

Artikkeltags