Aktuell: Frå Rugsund med bakgrunn i lakseoppdrettsnæringa. Har aktuelle planar om vidareforedling av lakseprodukt.
Alder: 44 år.
Adresse: Bergen.
Sivilstatus: Singel.
Yrke: Dagleg leiar i Samson Sea AS.
Tre ord om deg sjølv?
– Positiv, blid og engasjert.
Kven er du mest stolt av?
– Det må vere ungane mine det.
Kva er heime for deg?
– Bergen er heime no. Vi flytta hit før jul i fjor, her trivst vi godt alle saman.
Du er redaktør for ein dag: Kva står på framsida?
– Endeleg ny bru mellom Otteren og Bryggja, og alle vegane i Bremanger har fått gul midtstripe.
Kven styrer dagen din?
– Det må vere minste jenta Emma på snart eitt år. Eg har hatt permisjon og skal byrje i arbeid igjen om ei veke.
Kven har mest makt i Bremanger?
– Rådmann Tom Joensen. Han er ein dyktig person i sin jobb. Hans meiningar og kunnskap styrar kommunen på rett kjøl.
Kva er det skumlaste du har opplevd?
– Det må vere då eg vart stengt inne på eit fryserom i – 25 grader. Eg var på jobb, og dei gjorde det berre på tull i nokre minutt, men då rakk eg å få panikk.
Er du patriot?
– Ja, sjølv om eg har gjort bergensar av meg så heiar eg på Bremanger, og føl godt med på kva som skjer i kommunen.
Kva står på lista di over ting du vil gjere i løpet av livet?
– Eg har veldig lyst til Maldivane og Mauritius. Så kunne eg tenkt meg å få bukt med høgdeskrekken min og hoppa i fallskjerm. Eg har også lyst opp på Galdhøpiggen.
Kven ønskjer du som ordførar etter valet neste haust?
– Harry Gulestøl (H). Eg synest han er flink i ein slik jobb. Han er diplomatisk i måten han diskuterer på og verkar samlande
Har du eit skult talent?
– Dansing kanskje? Eg likar det veldig godt, spesielt samba, tango og latinamerikanske dansar. Her i Bergen er det alle moglegheiter til å få den interessa dekka, ein veit nesten ikkje kva ein skal byrje på.
Har du eit kallenamn?
– Ja. Eg vert kalla Pit då eg gjekk i ungdomsskulen. Eg hugsar ikkje kvifor, men eg høyrer det igjen endå. Spesielt etter at eg kom hit til Rugsund.
Kven ville du tatt med deg på ei aude øy utanom familien?
– George Clooney. Ingen vidare forklaring naudsynt.
Kva for kommunar bør Bremanger slå seg saman med?
– Nordsida soknar til Eid, medan sørsida soknar til Flora. Men å dele opp ein kommune er vanskeleg, når det er så innarbeidd. Eg må seie Eid eller Måløy.
Kva er det beste du veit?
–Sommarsol og varme, og sitje i ein solstol på ei fin strand, med eit glas vin i handa, det er heilt topp.
Kva ville tittelen på boka om ditt liv vere?
– Oj, den var vanskeleg. Den må eg tenke litt meir på.