«Grip meg Borni, grip meg!»

Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Somme ting får ein aldri grepet på her i livet, uansett kva ein prøver. Du har dine døme, eg har mine. Eitt av mine er sogespel.

DEL

AproposDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Underleg er det, sidan eg har mange av dei grunnleggjande faktorane på plass for å vere blodfan: Eg er anglofil, glad i historie, kjem frå ein stad med store vikingutgravingar, eg elskar filmar og bøker om temaet, og heilt frå eg var liten var det stor stas med både hjelmar, heimespøtt boge og skjold, sjølv om skjeggveksten var syltynn.

Men ved sogespela er det stopp. Bråstopp. Prøvd har eg, eg debuterte med Dragseid-spelet i Selje for mange år sidan. Då gjorde eg mi første pussige oppdaging rundt sogespela. Publikum klappa urytmisk frå første scene og fanfare, og dei slutta ikkje. Raskt forstod eg kvifor. Det er ikkje lett å halde applausen inne når 300 millionar mygg og knott går til synkronisert åtak. Då blir ti brølande vikingar for bagatellar å rekne. Kva spelet oppi Selje handla om anar eg ikkje, men vel heime framfor spegelen kunne eg blodig og prikkete konstatere at sogespel på vestlandsøyer sommarstid ikkje er for indre Sogn-pyser som har fått viking-genene utvatna av danskeblod. Så prøvde eg Losnaspelet. Det losna ikkje der heller, for å seie det mildt. Med gode og autentiske filmar i bakhovet frå desse tidsepokane, så blir det heile altfor papp-aktig for meg. Dessutan gjekk ikkje ekte vikingar i Adidas joggesko.

Nokre år seinare, som førstegradsintegrert florøværing, fekk eg høyre at ein kan ikkje bu i kystbyen utan å ha sett Kinnaspelet. Så då bar det til sjøs. Eg kom til same holmen som Borni og gjengen hadde gjort, gode tusen år seinare og benka meg i atriumet. Lett duskregn og vindstille gav gode odds for knotten, noko som sjølvsagt slo til. Seansen opna med at spel-primus motor Stubhaug heldt ei lang innleiing ved mikrofonen. Faktisk var innleiinga så lang at han midtvegs i taleøkta informerte om at han no stod og halte ut tida, fordi ein sentral aktør i spelet ikkje kom før med neste skyssbåt.

«Borni tok aldri skyssbåt», mumla eg, men blei fort hysja ned av fansen som for lengst var komne i Sunnfjord-keltisk høgstemning. Etter ei tid tok det laust og eg bestemte meg for å gjere mitt ytterste. Brått byrja det å gaulast i lia over meg. Ein haug med folk klamra seg fast i stupbratta oppunder Klova medan dei gaulte «Borni! Borni!!». Samtidig kom eit Sea King redningshelikopter susande nord av Reksta med stø kurs mot holmen vår. Noko alvorleg må ha skjedd sidan dei har sett i gang ein slik leiteaksjon, tenkte eg, og var sikker på at spelet kom til å bli stoppa raskt - men nei. I staden spratt det eit bøle med vikingar opp bakom ein haug der dei truleg hadde lege i Berganstelt natta over, og eg blei alvorleg forvirra. Kva var spelfaktorar her, og kva var ikkje? Pussig nok kjende eg at eg byrja å like meg der eg sat. Eg oversåg den løgne austlandsnynorsken dei snakka, både viking og fut, for no var det dramatikk! Men då alt var som sterkast, på veg mot eit jarnalderklimaks, kom ein ny aktør inn på arenaen. Ein knall raud supplybåt runda øya ute i skipsleia, og dermed var tusenårsmagien blåst for meg.

Resten av tida brukte eg til å klaske mygg og erindre namna på alle skodespelarane i Hrafn Gunnlaugsson sin vikingfilmtrilogi «Ravnens skugge». Eg klarte nesten alle før vi skulle heim. Korleis det gjekk med Borni veit eg ikkje, men eg minnest tre damer som på båten heimatt ramsa opp alle Borniar og regissørar av spelet opp gjennom åra. Imponerande. Eg ventar framleis på å sjå lyset. Å bli truffen av Borni sin magi i storslegen vestlandsnatur. Å kjenne håra reise seg av korbruset ut mot dønningane i vest. Eg ventar framleis på Borni. Skal eg prøve igjen, tru?

Eg ventar framleis på å sjå lyset. Å bli truffen av Borni sin magi i storslegen vestlandsnatur.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken