Folk er då berre menneske

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel
DEL

Eg er ikkje alltid så god til å henge med på kva som er populært på tv. Men ein må vere både døv og blind for ikkje å sjå at det no er tida for oppussing. Der ein skal gjere noko gammalt og slitent nytt og skinande igjen. Hus, for eksempel. Det er mange som spesialiserer seg på å ommøblere, male om og fikse opp. Tid for Hjem på TV2, Sinnasnekker’n på TVsomething, Home Takeover på TVsomethingelse.

Det varierar litt kor voldsomt ein går til verks, men alle som set namnet sitt på ei slik kontrakt må vere førebudde på at kjøkenskapa har fått innovative frontar av den gamle døra til gjødselkjellaren (dersom det er på landet) eller at det nye kjøkenbordet er blitt slamra i hop av den gamle døra til utedoen i bakgården (dersom det er i byen). Doskåla kan ha blitt belagd med handlaga mosaikkfliser frå indre Tasmania både innvendig og utvendig, og det er ikkje utenkjeleg (for andre enn sjåarane) at veggane på badet no består av fire glasflater i ulike fargar, som kvar er meint å uttrykkje dei ulike fasane i interiørarkitekten sine sinnstemningar under innspelinga.

Men det som er enno meir populært enn å pusse opp slitne husvære, det er å pusse opp slitne damer. Det er mykje det same, då - litt ommøblering (stort sett i form av ein bh som dyttar puppane opp i høgde med kragebeina ein stad), eit strøk maling (som har namn som mineralpudder, lipgloss og maskara) og vips! Den indre gudinna i oppussingsobjektet strålar vantru og utilpass mot oss frå skjermen, medan ho strevar for å finne indre såvel som ytre balanse på sine splitternye 12 centimeters-hælar.

Det er mange ulike konsept ute og går. Det dei har til felles er at dei hentar inn kvardagsdamer og så sender dei ut på ei runde mellom stylistar, frisørar, sminkørar og dressørar så damene knapt veit kva som er bak og fram på seg sjølv når dei kjem ut att. Eg vil tru ein skal vere ganske standhaftig for å stå på sitt når ein drøss med sirleg slanka og velpreparerte menneske fortel deg at det du har valt å ta på deg i dag i grunnen berre er skit, lort og kanel og bør kastast. Og så er det ein ting til med desse damene som skal makast over: Dei har nesten alltid ei trasig historie på lager. Påfallande mange har hatt alvorlege sjukdommar, mista nære familiemedlemmar eller har ymse andre oppskakande historier. Og nokre har vore så opptatt av barna at dei ikkje har hatt tid til å «prioritere seg sjølv» på lang tid. Det er nesten så eg mistenker at ei trasig forhistorie er eitt av kriteria for å vere med - det blir vel godt tv av slikt? Nokre av damene gret ein skvett når dei skal fortelje om seg sjølv, og det gir i sin tur programleiaren høve til å innta den store trøysterolla. Og her er det søren ikkje berre snakk om å blåse på og sette på plaster!

Ikkje ei av damene eg har sett så langt har innrømma at dei berre ikkje gadd å legge inn ein innsats den dagen. At det rett og slett var komfortabelt å svime rundt i joggebuksa eller onepiecen. Vi gjer det alle, og hadde det ærleg talt ikkje vore betre å bli hengt ut for å vere giddalaus enn for å mangle alt som heiter smak?

Samtlege av desse make over-programma endar likt: Damene vert viste fram for familie og venner, i all si nye prakt. Dei har vorte haldne unna speglar heile dagen, og får først bivåne sin nye ham der, på scenen, framfor alle som sit der med tårevåte auge og skjelvande smil, og dei løfter dei nylakkerte neglene til ansiktet i sjokk - og kanskje gru? For signalet er jo at du heile tida skal vere den beste utgåva av deg sjølv. Uansett. Det gjer livet lettare å stråle til ei kvar tid.

Men unnskyld meg. Av og til er det joggebuksa som gjer jobben. Folk er då berre menneske.

Artikkeltags