Det beste frå to verder

Artikkelen er over 6 år gammel
DEL

Aktuell: Tilbakeflytta HR-medarbeidar på jakt etter leilegheit i «verdas vakraste by».

Alder: 25

Sivilstand: Singel

Tre ord om deg sjølv?

– Arbeidsom, omgjengeleg og lojal.

Kva eller kven er du mest stolt av?

– Min mor, Esma. Ho kom til Norge tidleg på 90-talet og måtte klare seg som åleinemor med meg, utan jobb og særleg utdanning. Eg er utruleg stolt over ho.

Kva er heime for deg?

– Det er Florø ein vakker solskinsdag.

Har du noko du likar godt å gjere, som eigentleg er litt flaut?

– Eg likar å lese høgt ifrå bøker når eg sit aleine. Som om eg les til nokon, samtidig som eg lever meg veldig inn i det.

Du er redaktør for ein dag: Kva står på framsida?

– Det er komen shuffleboard-bar i Florø.

Kven styrer dagen din?

– Saga Fjordbase og telefonen frå Flora laste og losse; moglegheitenes plass.

Kva er det skumlaste du har opplevd?

– Det må vere då eg og ein kamerat køyrde til Sogndal. Eg hadde nettopp fått lappen og skulle køyre den siste halvtimen. Det var vinter og glatt på vegen. På veg ned Sogndalsdalen mista eg kontroll over bilen og vi smalt inn i ei snøfonn i ei voldsom fart. Vi blei kasta ut att i vegbana og spinna rundt to-tre gonger. Vi fekk oss begge ein støkk, men utruleg nok var det berre å sette bilen i gir igjen og fortsette. Alt gjekk utruleg nok bra med oss, men ein heldig fruktbonde fekk seg ny eksospotte. For den såg vi aldri igjen.

Kva gjer deg forbanna?

– Lite empatiske, maktsjuke ignorantar. Lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Kva er mest undervurdert ved Flora?

– Det må vere alle moglegheitene som finnast her som yrkeslinja og andre utdanningsmoglegheiter som finnast, men ein gjerne ikkje tenker over.

Er du patriot?

– Definitivt. Florø by, stolt og kry.

Kva står på lista di over ting du vil gjere i løpet av livet?

– Eg ønskjer å reise til Himalaya. Å bestige nokon alpetindar er òg noko eg har drøymt om.

Kva er ditt skjulte talent?

– Eg er faktisk ein djevel på å ro.

Kven ønskjer du som ordførar etter valet neste haust?

– Jacob Nødseth. Han er kontroversiell, men han utviklar seg mot å bli ein meir skjønnsam og vidsynt politikar.

Kva er ditt kallenamn?

– Enko. Eg fekk det av mor mi då vi måtte skilje mellom meg og søskenbarnet mitt, så enkelt og greitt er det.

Kven ville du hatt med deg på ei aude øy utanom familien?

– Eg var nyleg i eit utdrikkingslag i Berlin. Det er ein fantastisk gjeng som garantert hadde laga liv på den øya.

Kva for kommune bør Flora slå seg saman med?

– Bremanger.

Kva meiner du gir status i dagens samfunn?

– Kven som haustar mest likes på Facebook, dessverre.

Kva er det beste du veit?

– God mat og godt selskap.

Kva serverer du?

– Då serverer eg nyfiska og lettsalta torsk med alt tilbehøyret det måtte vere.

Kva er tittelen på boka om ditt liv?

– Det beste frå to verder; ein hyllest til Balkan i Norge.

Livsmotto?

– Veni, vidi, vici.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken