Dei 5 beste FSK- spelarane gjennom tidene

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Svein Dag Bakke er ei av eldsjelene i Florø Sportsklubb, og har rangert dei fem beste FSK-spelarane gjennom tidene. Einig eller ueinig? Skriv DI liste i kommentarfeltet!

DEL

Han har i ei årrekkje vore speaker på stadion der publikum har fått servert resultat ifrå dei andre kampane i serien slik at opplevinga av å vere på kamp har hatt den vesle ekstra dimensjonen. Sidan 1974 har han halde med bruntrøyene som etter hundre år skifta til blått og svart. Uavhengig av dette har han fått utfordringa med å rangere den fem beste spelarane i klubben si 101 år gamle historie. Ei utfordring han veit vil ergre mange i klubben:

1: Tore Reksten

– Dette er Mr. FSK og det er ein fortent tittel. Han var ein offensiv midtbanespelar. Veldig flink til å komme seg fri, hadde eit blikk for spelet og styrte skuta frå sin posisjon på midtbana. Ein stor spelar.

2: Øyvind Alsaker

– Han var ein av mine store favorittar fram til han vart skadd i ein privatkamp mot Sogndal. Øyvind var libero på grusbana og tok fullstendig luven av Sogndal fram til han fekk ein smell der han øydela kneet sitt. Øyvind spelte i 2. divisjon også etter denne skaden, men skaden prega han. I ettertid har Øyvind Alsaker markert seg på toppnivået som fotballkommentator på TV. Han hadde enorm fart, god teknikk og ein stor arbeidskapasitet.

3: Runar Haave

– Har vore tatt ut på ei rekke aldersbestemte landslag som stoppar. Runar Haave har ei plasseringsevne og gjer sjeldan feil. Klarer han å utvikle seg vidare frå der han er i dag ser eg ikkje bort frå at han kan ta steget opp på eit seniorlandslag ein gong i framtida. God hodespelar.

4-5: Stefan og Peter Aase

– Det er litt hipp som happ kven av desse to eliteseriespelarane som er best. Dei har teknikk, enormt arbeidsområde, skyt godt og har ein del av kvalitetane eg såg hos Øyvind Alsaker i si tid. Dei kan utvikle seg på blikk for spelet og timing av pasningar. Gjenvinning av ballen er dei i ei særklasse og evna til å gå på gode løp har dei begge . Stefan var best då dei var 15 og no er det kanskje Peter som er litt betre då Stefan har vore skadd, men desse to klarer eg ikkje å skilje ut frå kriteriet kvalitet. Dei fem andre nominerte til Svein Dag Bakke si liste var: Jens Herman Svardal, Terje Rognsø, Svein Indrevær, Frode Langeland og Ivar Magnussen.

Artikkeltags