På programmet laurdag i Bremanger kyrkje står mykje fengande og vakker klassisk musikk.

– Dette er nydeleg musikk som er lærerik og utfordrande å jobbe med. Det er verkeleg noko å strekke seg etter for songarane, som legg ned ein kjempejobb med å terpe og repetere stemmene sine. Ofte er det slik at amatørar i starten synest det er håplaust og vanskeleg, men når dei har lært stemmene sine og høyrer dei i samklang med dei andre og med orkester, så blir det stort og flott, fortel dirigent for Bremanger Kammerkor, Jarle Grotle.

Dei to kora har med seg distriksmusikarane og to proffe solistar som vil setje ein ekstra spiss på konserprogrammet. Bass/baryton Bjørn Gisle Seter og sopranen Synnøve Nordvik er solistar i kantatene og framfører også ariar av Bach og Händel.

Dirigentar er Jarle Grotle og Dorothee Raschwitz. Begge spelar og i orkesteret, Jarle piano og orgel, medan Dorothee spelar cembalo.