Lat ungdom følgje draumane sine!

STØTT DEI UNGE: Vi treng 90.000 nye fagarbeidarar dei neste ti åra, og både lærarar, rådgjevarar og foreldre må støtte ungdom som ønskjer å velje yrkesfag, slår lesarbrev-skribenten fast. Her ser du Christoffer Sønnervik som får prisen som beste industrimekanikar under Fylkesmeisterskapen i yrkesfag 2018.

STØTT DEI UNGE: Vi treng 90.000 nye fagarbeidarar dei neste ti åra, og både lærarar, rådgjevarar og foreldre må støtte ungdom som ønskjer å velje yrkesfag, slår lesarbrev-skribenten fast. Her ser du Christoffer Sønnervik som får prisen som beste industrimekanikar under Fylkesmeisterskapen i yrkesfag 2018. Foto:

Av
DEL

Debatt:Fristen for å søke vidaregåande skule går snart ut. Eg har ei bøn til foreldre, lærarar og rådgjevarar i skulen: Hjelp ungdommane til å finne ut kva for valmoglegheiter dei har, og støtt ungdommane i deira val! I desse dagar skal tusenvis av ungdommar bestemme seg for kva dei vil gjere dei neste åra. Det er eit vanskeleg val for mange. Det er ikkje så lett å vite kva ein vil bli når ein er 16. Mange unge har forstått kva moglegheiter som ligg i yrkesfag. I 2019 søkte fleire seg til yrkesfag enn til studiespesialiserande. Likevel treng vi at endå fleire gjer det. Om ti år vil vi mangle 90.000 fagarbeidarar. Det er urovekkande at undersøkingar syner at foreldre, rådgjevarar og andre har dårlege haldningar til yrkesfag og ikkje anbefaler unge å velje dette. Eg kan ikkje forstå anna enn at mangel på kunnskap om moglegheitene er årsaka.

Derfor vil eg gje deg fem gode grunnar til kvifor ungdommane bør velje yrkesfag. For det første, er det veldig gode moglegheiter for jobb. Ifølgje Nav, vil yrkesfag vere ein av dei sikraste vegane til jobb i framtida, og i mange yrker er dei unge nærast garantert jobb etter ferdig yrkesfagleg utdanning.

For det andre, er det store valmoglegheiter viss ein går yrkesfagleg retning. Det er faktisk over 180 yrke å velje mellom. For det tredje, får ein løn i læretida.

For det fjerde, så er det ingen dører som blir lukka ved å velje yrkesfag, tvert imot. Til dømes kan ein gå vidare på høgare yrkesfagleg utdanning ved fagskulane, og viss ein tar påbygg som gjev studiekompetanse, eller vel studium som er spesielt tilrettelagt for yrkesfagleg utdanning, kan ein studere vidare ved universitet og høgskular.

Eit femte og siste argument er at dersom ein har lyst å starte eiga bedrift, gjev eit meisterbrev ein god leiar- og etablererutdanning

Søndag 1. mars går fristen for å søke vidaregåande utdanning ut. La oss vaksne gje ungdommane anledning til å ta gode val og få respekt for vala sine. Ver så snill, lat ungdommane få følgje draumane sine og bli med å heie på yrkesfag, no og i framtida.



Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags