Det skriver Redningsselskapet på Twitter klokken 8.49 onsdag.
– Skipet har hatt ein grunnberøring og fekk skade på roret. Skipet måtte ankre opp og treng bistand for å kome seg til verkstad. Det er ingen dramatikk, seier redningsleder Owe Frøland til NTB.
Skipet har ingen større skader, og ingen er skadd.
– Det er eit heilt regulært hendeleg uhell, seier Frøland
Redningsselskapet er på veg til staden med redningsskøyta 114 Bergen Kreds.
– Vi rykka ut for rundt 45 minuttar sidan, men er ikkje framme enno, seier medievakt Bendik Hansen i Redningsselskapet til NTB klokka 9.
Skipet «Gullaas» er rundt 70 meter langt.
Hovudredningssentralen i Sør-Norge koordinerer aksjonen.