Klokka 15.50 melde Vegtrafikksentralen vest, om eit trafikkuhell på fylkesveg 5710 Nesbøvegen i Bremanger.
Ein lastebil har sklidd av vegen og det er berre passasje for små køyretøy. Bilbergar vil bli bestilt.
Oppdatering.
Klokka 17.32 var Vegtrafikksentralen i kontakt med entreprenør på staden og meldinga derifrå er at det framleis vert jobba med berging av køyretøyet.
Klokka 18.46 melder Vegtrafikksentralen vest at vegen vert stengd i om lag ein time, grunna bilberging.
Siste:
– Tungbilberginga er no avslutta. Det er fri ferdsel på staden, melder Vegtrafikksentralen vest klokka 20.27