Det seier tillitsvald Lars Terje Standal i IndustriEnergi, som saman med NITO har 117 medlemmer på basen.
Klare krav
Saga Fjordbase og fagforeiningane har sendt eit brev til Vestbase i Kristiansund. I brevet krev dei at dei 52 som fram til no har jobba med aktivitetar Vestbase tek over 1. juni i år, får halde på jobbane sine. Dette inkluderer lagertenester og røyrhandtering.
I brevet viser dei til §16 i Arbeidsmiljølova, som har med arbeidstakarane sine rettar ved verksemdsoverdraging å gjere.
– Om Vestbase ikkje går med på ei verksemdsoverdraging ber saka rett inn i rettssystemet. Om naudsynt vil vi ta saka til Høgsterett, seier Standal.
Men om saka faktisk vil hamne i Høgsterett, tvilar Standal sterkt på.
– Vi ønsker på alle moglege måtar å løyse saka utan at den hamnar i rettssystemet. Det må vere ein fordel for begge partar, og ikkje minst dei råka som ventar på ei avklaring, presiserer han.
Kva som skjer med resten av dei 128 direkte tilsette i Saga Fjordbase, dei som ikkje jobbar med røyrhandtering og lagertenester, er ei anna sak. Der er situasjonen framleis uavklart.
- LES OGSÅ: Stiller jobb-krav med forbundet i ryggen
- LES OGSÅ: Over hundre misser jobben
- LES OGSÅ: – Ingen «Kristiansund-invasjon»
- LES OGSÅ: Tilsette vil misse jobbane sine
- LES OGSÅ: Saga Fjordbase misser rørhandteringa
Vestbase er i tenkeboksen
Brevet har komme fram til Vestbase, stadfestar dagleg leiar Alf Dahl.
– Eg registrerer at IndustriEnergi meiner vi hamnar under det som gjeld verksemdsoverdraging, men vi har så langt ikkje konkludert med noko i den saka. Og vi kjem ikkje til å prosedere vår sak i det opne rom før vi har vurdert det internt, seier Dahl.
Han strekar under at dei frå første dag har vore i tett dialog med Saga Fjordbase om eit eventuelt lokalt samarbeid.
– Men vi har ikkje konkludert med noko enno. Vi treng litt tid, seier Dahl.