– Lærerikt og gøy å vere med i Sunniva-seglasen

FLORØ: –Eg koste meg veldig med å vere med på Sunniva-seglasen heilt frå Selje til Bergen , fortel Dina Øien (18).

DEL

Ho var ei av fire jenter som deltok i seglasen, prosesjonar og arrangement langs leia mellom Selje og Bergen i førre veke. Sunnivaseglasen blir avslutta med Sunnivafestivalen i Bergen 4. til 8. september, som markerer at det den 7. september er 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen. Legenda om Sunniva har sett så tydelege spor etter seg at det er ein del av Bergen by sitt 950 års-jubileum.

Som opptakt til jubileumet deltek kystkulturlag langs kyststripa frå Selje til Bergen i ei historisk markering av korleis kristendommen er vevd inn i vår eigen kultur.

– Det var verkeleg stas og ei stor ære for oss i Kalvåg Kystkulturlag å vere med på dette. 

Bjarne Pedersen

Hornelen Kystlag tok over for Vågsøy Kystkulturlag i Rugsund og kryssa Frøysjøen vestover til Kalvåg.

EI ÆRE: Bjarne Pedersen, Terje Røys, Frode Andal og Arvid Langeland i Kalvåg Kystkulturlag.

EI ÆRE: Bjarne Pedersen, Terje Røys, Frode Andal og Arvid Langeland i Kalvåg Kystkulturlag. Foto:

Leiar Bjarne Pedersen i Kalvåg Kystlag strekar under at det betyr mykje for dei å vere med i ei slik markering:

– Det var verkeleg stas og ei stor ære for oss i Kalvåg Kystlag å vere med på dette. Vi hadde eit friskt og flott vêr på kryssinga sørover Frøysjøen med «Nigaren» og hadde med oss dei fire jentene, som representert ulike truer. Det blei litt for sterk vind etterkvart, slik at vi fekk ikkje å gå inn til Kinn med «Nigaren».

Sunnivaseglasen

  • Frå 28. august til 5. september 2020 deltok mange kystkulturlag i ein seglas sørover med historiske farkostar langs Kystpilegrimsleia for å markera at det i år er 850 år sidan flyttinga av St. Sunniva sine levningar frå Selja kloster til Bergen. Ved at skrinet kom til Kristkyrkja i Bergen vart byen ein valfartstad for pilegrimar, og byen sin prestisje og stilling vart styrka.
  • Seglasen var eit samarbeid mellom Nasjonalt pilegrimssenter, Selje regionale pilegrimssenter, Vestland fylkeskommune, kommunane Stad, Kinn, Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gulen, Alver, Bergen, Bergen Kystkultursenter, Bjørgvin bispedøme, FN-sambandet i Bergen og Kystkultur.no.

Dei fire jentene var markørar for ulike kristne trusetningar innan kristendommen. Sunniva Ødland Høen frå Oslo representerte katolisismen, medan Victoria Lid frå Bergen stilte opp for dei ortodokse kristne. Selje-jenta Elisabet Osdal og Florø-jenta Dina Øien representerte protestantane.

– Det var veldig kjekt å bli kjent med dei andre og høyre om forskjellane mellom dei ulike greinene i kristendommen, fortel Dina, som fekk oppdraget sidan ho jobbar litt i kyrkja og dessutan har ei mor som er prest.

Eg kjenner meg heldig som fekk vere med på denne historiske hendinga.

Dina Øien

Jentene sin jobb undervegs var å vere med på prosesjonane fram til kyrkjene eller den staden markeringa gjekk føre seg. Der presenterte dei seg sjølve og presenterte tekstar for tilhøyrarane.

I vårt område var det markeringar i Frøya kyrkje, Kinn kyrkje, ved steinkrossen på Svanøy, Askvoll, Korssund og Hyllestad.

– Særleg Askvoll hadde eit flott arrangement med musikk på kaia og mange frammøtte. Det var spanande å segle med ulike kystkulturbåter og vi var heldige med vêret. Regnet kom heldigvis ikkje før vi nærma oss Bergen.

På kaia i Bergen var det stor stas og festivatas med ordførarmottaking, pomp og prakt. Og bergensarane feirar endå nokre dagar til.

INNSEGLINGA: Innseglinga til Bergen, der det var flott mottaking.

INNSEGLINGA: Innseglinga til Bergen, der det var flott mottaking. Foto:



Artikkeltags

Kommentarer til denne saken