– I dag har Utdanningsforbundet varsla motparten vår KS om at vi trappar opp streiken med nærare 100 lærarar frå neste tysdag. Ein ny kommune, Sunnfjord i Vestland fylke, blir ramma, der over 80 lærarar frå to vidaregåande skular blir tekne ut, skriv Utdanningsforbundet i ei pressemelding torsdag ettermiddag.

Lærarstreiken har vart sidan 8. juni. I tillegg til Utdanningsforbundet, har Skolenes landsforbund og Norsk Lektorlag medlemmer i streik.

Utdanningsforbundet-leiar Steffen Handal meiner KS har vist ein manglande vilje til å finne ei løysing, og han meiner dei må ta svært mykje av ansvaret for at streiken held fram.

– Situasjonen er dramatisk for alle dei elevane som no får lite eller inga undervisning. Dette beklagar vi sterkt. Vi veit meir enn dei aller fleste om kor viktig skulen og lærarane er for elevane, seier Handal.

(©NPK)