Det aukar behovet for avgiftskutt på bensin og diesel endå meir, sidan folk ikkje får bytt ut bilane sine, meiner NAF.

I ei pressemelding peikar dei på at både Ukraina og Russland er viktige underleverandørar av bildeler og råvarer til bilindustrien. Krigen betyr at forbrukarane må forvente at den globale bilproduksjonen blir bremsa endå meir, på toppen av korona-forseinkingane, seier Thor Egil Braadland, myndigheitskontakt i NAF.

Påverkar også nye bensin- og dieselbilar

Frå før er det store forseinkingar i bilproduksjonen på grunn av korona-pandemien. Den har ført til stor mangel på halvleiarar, som er avgjerande for bilanes elektronikk. Med Ukraina-krigen er det ikkje berre drivstoffprisane som stig. Russland er ein av verdas største eksportørar av nikkel til elbilbatteri og av metallet palladium, som blir brukt i katalysatorar i bensin- og dieselbilar. Ukraina lagar neon-gass som trengs for å produsere halvleiarar, som inngår i alle biler.

- Summen av dette er redusert produksjon av bilar og lengre ventetid for mange som har bestilt eller tenker på å kjøpe ny bil, seier Braadland.

Fleire elbilar til Europa

Han meiner at det som skjer no gir ein dobbel negativ effekt for norske bilkjøparar:

- Etterspurnaden etter elbiler vil auke i Europa, som ein konsekvens av færre bensin- og dieselbiler på marknaden. I ein situasjon kor etterspurnaden på elbilar aukar, samstundes som tilbodet av nye biler synk, er det langt frå garantert at Norge vinn kampen om kor dei nye elbilane skal. Norge er ein av dei minste bilmarknadane i verda. Så når større land vil ha fleire elbilar, får dei det, medan vi må vente.

Drivstoffavgiftene må ned no

Resultatet kan bli at fleire beheld sine diesel- eller bensinbiler lengre enn dei hadde tenkt. Med dei høge drivstoffprisane, meiner Braadland at regjeringa må bruke fleire verktøy for å gjere ventetida enklare for folk:

- Kutt i drivstoffavgiftene er overmoge. Regjeringa må no innfri løfta om å sette ned avgiftene på bensin og diesel. Når folk ikkje eingang får sjansen til å byte til elbil er dette eit sjølvsagt grep, erklærer han.

For bileigarar som ser etter ein veg ut av diesel-knipa er det enno eitt verkemiddel regjeringa kan bruke, meiner Braadland: Å skrote den planlagde omregistreringsavgifta på brukte elbilar.

- Det vil hjelpe på for dei som tel på knappane om det vil løne seg å byte til ein brukt elbil no, trur han.