I desember har svartida ved PCR-prøver i Oslo vore rundt tre dagar, ifølgje Nettavisen. Det hindrar folk i å teste seg ut av karantene.

Karanteneregelverket seier at ein i utgangspunktet skal vere i karantene i ti dagar, men at ein kan teste seg ut på dag sju med ei PCR-prøve. Hurtigtest er ikkje godt nok.

Overfor avisa vedgår assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad at det er problematisk om svartida er lang.

– Det er rett at PCR-testar har svært liten verdi om dei ikkje blir svarte på innan eit døgn for dei som skal teste seg ut av karantene, seier han.

Nettavisen opplyser at dei har analysert svartida på positive koronaprøver i Oslo førre veke. Tala viser at det er ei forseinking på opptil fire dagar, og at det ved under 100 av 1.000 positive, daglege prøver har vorte gitt svar same dag.

Ifølgje Nakstad er ei av årsakene at ein mykje større del enn tidlegare testar positivt, og at ein derfor ikkje kan effektivisere analyseringa ved å slå fire og fire prøver saman, slik ein har gjort tidlegare.

Det blir no jobba i kommunane med å skilje ut PCR-prøver frå personar som har testa positivt på sjølvtest, slik at ein kan skilje desse i eigne analysar.

(©NPK)