Nådde målet med glans

Reidun Kristin Knapstad hadde ei plass blant dei 40 beste som mål. Det klarte ho med glans.

Reidun Kristin Knapstad hadde ei plass blant dei 40 beste som mål. Det klarte ho med glans. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Reidun Kristin Knapstad frå Florø Skyttarlag hadde eit mål om å bli blant dei 40 beste på Landsskyttarstemnet. Det vart ikkje noko problem.

DEL

Onsdag skaut Eikefjord-kvinna seg inn på prinsesselaget. Torsdag fortsatte ho den gode skytinga. Ho leverte like godt ti blanke treff i tiaren, ni av dei innertiarar, og altså 100 poeng. Totalt hadde ho då 345 poeng, og var med det i føringa i kampen om å bli skyttarprinsesse.

Men det var fortsatt fleire gode skyttarar som venta på å få skyte.  Som f.eks Katrine Aannestad Lund (22) frå Jondalen i Buskerud. Ho skaut seg til tittelen som skyttardronning med 349 poeng. Ett poeng foran Åse Marit Myrvang frå Steinsgård.

Knapstad hadde før stemnet ei målsetting om å skyte seg inn blant dei 40 beste. Det klarte ho fint. Ho tok til slutt ein sterk ellevte plass i Landskyttarstemnet 2017.

Artikkeltags