Gå til sidens hovedinnhold

Landsmøte i Norges Blindeforbund, mykje spanande på Hurdal denne helga!

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

På Hurdal syns- og mestringssenter er delegatar frå heile landet samla til Norges Blindeforbunds landsmøte 2021. Under opninga torsdag var det helsingar frå Statsminister Erna Solberg og Samferdsleminister Knut Arild Hareide. Begge framsnakka Blindeforbundets engasjement, profesjonalitet og kunnskap. Det gjer oss stolt. Som organisasjon for synshemma jobbar vi for at alle synshemma i alle aldrar skal få ein betre kvardag og kunne delta i arbeidslivet og samfunnslivet generelt, anten dei er medlem eller ikkje.

I Norge er det over 300.000 personar med synshemmingar. Mange av desse er avhengig av hjelpemiddel, tilrettelagt transport (TT) og universell utforming både fysisk og digitalt.

Lover og reglar som hjelper alle mennesker i samfunnet kjem ikkje av seg sjølv. Organisasjonslivet i Noreg er viktige pådrivarar for samfunnsutviklinga. For Blindeforbundets del er TT-ordninga ein stor siger som svært mange andre enn våre medlem nyt godt av. Det same gjeld arbeidet med universell utforming. Du kjenner kanskje nokon som har TT-kort?

Alt dette arbeidet kostar. Ikkje berre å få gjennomslag for saker, men og sikre at tidlegare vedtak blir med inn i nye regjeringar. Lovar og reglar kan endrast med eit pennestrøk, noko saka om brillestøtte til barn har vist. Organisasjonslivet er derfor avhengig av medlem som bidreg i organisasjonane. Berre slik har organisasjonane legitimiteten som trengs for å fremje saker opp mot styresmaktene. Så meld deg inn i ein organisasjon du identifiserer deg med slik at dei har ressursar til å jobbe opp mot styresmaktene lokalt og nasjonalt!

Kvart fylkeslag i Blindeforbundet har ein dagleg leiar. Denne helga bur vi daglege leiarane på Hurdalsjøen hotell. Tilfeldigvis der Noregs nye regjering vert meisla ut. Blindeforbundet er verkeleg tilstades der det skjer! Det er veldig spanande å høyre kva både pressen og politikarar kviskrar om i gangane!

Vi er viss på at vårt arbeid opp mot den nye regjeringa vil gje oss helsingar også frå vår nye statsminister Jonas Gahr Støre på neste landsmøte. Vi skal og sjå til at den nye regjeringa tek oss på alvor slik at vi saman driv fram positiv samfunnsutvikling for alle. Bli med du og!

Kommentarer til denne saken