– Eg var i Oslo då eg blei avslørt, den turen heim hugsar eg nesten ingenting av, alt er svart

Av

PORSGRUNN: Eg møter han der han står i rådhustrappa nedanfor Porsgrunn rådhus. Han har ikkje gått i byen sidan saka smalt 25. mars i år. Adrian Ness Løvsjø (29) ser litt nervøs ut, men er framleis den blide unge mannen han pleidde å vere. Eller, han er ein ti kilo lettare utgåve av den blide mannen. Han har gått ned ganske mykje sidan i mars. Å bli avslørt som butikktjuv har tatt på.