Nille-sjef Kjersti Hobøl: - Folk gløymer den kanskje viktigaste grunnen til at norske butikkar går konkurs

Nille-sjef Kjersti Hobøl

Nille-sjef Kjersti Hobøl Foto:

Av

Nettet er kanskje ikkje så viktig som mange trur.

DEL

landet rundtNETTAVISEN: Dei siste åra har ei lang rekke butikkjeder gått over ende, og mange har trekt fram netthandel som ei avgjerande forklaring. Kjersti Hobøl, som er dagleg leiar i Nille, meiner derimot at det er ein annan grunn som kan vere like viktig.

– Det er eit stort fokus på ehandel og nettet, men ein gløymer at i 2014 kosta ein dollar cirka 5,5 kroner, no kostar den ni kroner. Det har gjort noko med prisnivået på importerte varer for den norske forbrukaren. Når ting blir såpass mykje dyrare, så handlar du mindre, seier Hobøl til Nettavisen.

Kronefall

Dei siste åra har krona svekt seg ekstremt mot valutaar som euro og dollar, og tidlegare i år nådde valutaen eit botnpunkt mot euro på over 10,20 kroner, mot 7,30 kroner for sju år sidan. Mot dollaren har krona også svekt seg kraftig i same periode.

Hobøl viser til at svært mange norske butikkjeder handlar inn varer i utlandet med dollar og euro og får inntekter i norske kroner. Store svingingar i valuta går dermed rett på lønnsemda til butikkane, som kan få ei auke i varekostnaden på 30 prosent. Det er krevjande sjølv for den mest veldrivne kjedebutikken.

– Ikkje alle har klart å ta ut den kostnaden, når det blir innkjøp i dollar og euro. Det er avgrensa kor mykje ein er villig til å betale for ting, seier Hobøl.

Grete og Anne-Elin vil ikkje vere konkurrentar. No skal dei ikkje lenger drive butikken i Førde

Konkursfølge

Dei siste åra har ei lang rekke selskap forsvunne, blitt lagde ned eller komme i kraftig uføre. Dei inkluderer Tilbords, Rafens, Vita, Top Toy, PM, Days like These, Soundgarden og Nille sjølv. Ei stor sportskjede som G-Sport blir no også lagd ned, og butikkane blir profilerte om til Intersport. Alle desse kjedene gjer store delar av innkjøpa sine i euro og dollar.

Hobøl har mykje erfaring med selskap som slit. Ho tok over Kid Interiør i 2010, då selskapet var på konkursens rand og måtte bli overtatt av banken. I løpet av få år gjorde ho gardinspesialisten til eit mønsterbruk. Da Nille kom i same situasjon åtte år seinare, vart Hobøl igjen henta inn. Selskapet, som har tapt fleire hundre millionar dei siste åra, er venta å gå i pluss i 2020.

Ho meiner at det er spesielt aktørar som spelar på pris som slit.

– Sel du varer i et høgare prissegment, så spelar det kanskje ikkje så stor rolle om prisane aukar litt. Men er du van med at noko kostar 99 kroner og så plutseleg kostar det 199 kroner, så utgjer det ein stor skilnad for kunden, seier Hobøl.

Einig

Varehandelsekspert Eirik Melle i Danske Bank Markets er heilt einig i at kronekursen er eit stort, og undervurdert, problem for norske bedrifter.

– Dei fleste kjeder handlar inn varer i dollar, euro eller i enkelte tilfelle kinesisk valuta. Det er klart at det har påverka ein bransje som allereie har tynne marginar, seier han.

Han meiner likevel at kor mykje ein blir påverka varierer frå kjede til kjede.

– Det har mykje å seie om du kjøper store, sterke merkevarer som mange andre også sel, som for eksempel varer frå Nike, eller om du sjølv sit kontrollen og eig eigne merkevarer som blir produsert i Kina, seier han.


Artikkeltags