Landbruket vil forske fram kyr som prompar mindre

KNIP IGJEN: Framover vil Geno velje ut dei kyrne som slepp ut minst metan og forske på dei. Foto: Bo Mathiesen (Tine)
Avlsselskapet Geno trur det kan dreie seg om så mykje som ti prosent reduksjon i metanutsleppa på ti år.
Landbruket er godt i gang med å redusere sine klimagassutslepp, og no skal avlsselskapet Geno forske på om dei kan avle frem ei melkeku med lågare metanutslepp. Geno har i nesten 100 år avla fram det dei meiner er verdas beste melkeku; Norsk Rødt Fe. Då har god helse, produksjon og fruktbarheit vore viktige avlsmål.
No skal dei i tillegg forske på om det er mogleg å lage ei meir klimavennleg ku som har lågast mogleg metanutslepp. Då vil dei rett og slett måle kor mykje metan kvart enkelt dyr slepp ut - eller kor mykje dei prompar - for så å avle vidare på dei som prompar minst.
Kommunikasjonssjef Frida Gunnestad Johansen i Norsk Landbrukssamvirke, seier metanmåling er eitt av fleire tiltak som kan gi betydeleg bidrag i reduserte metanutslepp frå norsk landbruk.
– Vi håpar og trur dei lukkast.
Norsk Landbrukssamvirke er ein interesseorganisasjon for 17 bondeeigde samvirkebedrifter i landbruket.
Kommentarer til denne saken