Mange bønder ringer krisetelefonen

Fleire bønder ringer Bondelagets krisetelefon, og er bekymra for konsekvensar av tørken som herjar i Sør-Norge.

Fleire bønder ringer Bondelagets krisetelefon, og er bekymra for konsekvensar av tørken som herjar i Sør-Norge. Foto:

Av

Mange bønder tek kontakt med Bondelagets krisetelefon fordi dei er bekymra for skadene som følge av tørka.

DEL

– Det er ganske godt trøkk på telefonen no i forhold til vanleg, seier Halle Arnes, fagkoordinator for HMS i Norsk Landbruksrådgiving, til P4.

Den verste tørkesommaren siden 1947 har råka bønder over heile Sør-Norge. Fleire fryktar masseslakt av besetninga fordi dei ikkje har nok fôr til dyra sine når vinteren kjem.

Krisa i næringa har også nådd fram til regjeringa, som no innfører toll på import av storfekjøt frå utlandet. Dette fordi det er venta fallande prisar på storfe-kjøt når norske bønder må slakte langt fleire dyr enn normalt grunna tørke og fôrmangel.

Yr varslar om at tørrvêret lokalt kjem til å halde fram. Det kan komme ein liten regnskur onsdag 18. juli, men elles er det lite utsikter til nedbør kommande veke.

Norsk Landbruksrådgivings HMS-rådgjevarar  er tilgjengelige på telefon og epost kvar dag i sommarferien.

– Fleire bønder fortel at dei har netter med dårleg somn. Alle bønder har eit tett forhold til dyra sine, dei har tatt vare på dei sidan dei var små og fora dei opp, fortel Arnes.

Ifølge rådgjevaren opplever fleire no framtida til garden som usikker, noko som er svært tøft å takle.

– Dette er eit reint økonomisk tap for bonden, seier Arnes. (ANB-NTB)


Artikkeltags