Med snorkel-moglegheit unngår den lakselusa

Oppdrettslaks har liten sjansen til å unngå lakselus inne i ei tradisjonell merd.

Oppdrettslaks har liten sjansen til å unngå lakselus inne i ei tradisjonell merd. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I ei snorkelmerd kan laksen gå til overflata og snappe luft utan å bli utsett for lakselus-parasitten.

DEL

Dette kjem fram i ein rapport frå Havforskingsinstituttet . Snorkelmerden reduserer påslaget av lakselus på oppdrettsfisken fordi dei frittlevande stadia av lakselus-parasitten lever nær overflata i sjøen. Konstruksjonen skaper avstand mellom parasitten og fisken som vert. Det har vist seg å redusere lusepåslaget drastisk. I forsøka til Havforskingsinstituttet blei det redusert med 84-86 prosent.

- Allereie på fire meters djup ser vi resultat med mindre lus og betre trivsel hos laksen, fortel Lars Helge Stien frå Havforskingsinstituttet til Kyst.no. 

Der er Bremnes Seashore som har testa snorkelmerden sidan 2014 og produktet er no kommersielt tilgjengeleg frå Egersund Not under namnet tubenot.

Laksen er avhengig av å fylle luft i symjeblæra si og skal ein nytte eit system med nedsenka merdar, må ein samstundes løyse utfordringa med å gje fisken tilgang på luft.

Derfor har det blitt testa ut nedsenka merder med innlagt luftlomme, merdar som blir senka djupare ned periodevis, bruk av lys og alternative fôringsstrategiar som gjer at laksen held seg djupare nede.

Artikkeltags