Laksens dag – ein våt suksess

Laksens Dag

Laksens Dag Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

I rytmen frå Irsk folkemusikk og regnet som trommar på teltduken over hovudet, treff eg Solveig Willis, leiar for komiteen til Laksens Dag og tilsett i Salmon Group, eit nettverk for lokale oppdrettarar.

Ho var kjempenøgd med arrangementet og oppmøtet av folk.

– Det var smekkfullt dei første timane og folk blei verande gjennom konserten til Sol Heilo, trass i at det byrja å regne.

Willis, som har vore leiar for komiteen dei siste fire åra, var svært positiv til dagen og arrangementet.

– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå dei som kom.

Sjølv om debatten om norsk laks har rasa i det siste, hadde dei ikkje opplevd å få nokre kritiske spørsmål.

– Totalt har vi servert 250 kg med laks fordelt på 3000 til 4000 porsjonar i ymse variantar.

Til slutt trekker ho fram dei 70 frivillige frå handballgruppa, klasse 8d og oppdrettsnæringa. I tillegg til Røde Kors, som serverte laksetallerken med fisk frå Marine Harvest, tilberedt hos Svanøy Røykeri.

Arnt Hellevang testar Røde kors sin laksetallerken.

Arnt Hellevang testar Røde kors sin laksetallerken. Foto:

– Nydeleg, seier ein nøgd Arnt Hellevang, etter å fått smaka på varene, og legg til:

– Vi stiller opp kvart år. Det har blitt ein tradisjon. Til gjengjeld får vi inntekta frå salet.

Verdspremiere på nytt produkt frå Svanøy Røykeri

Svanøy Røykeri hadde blant mange smaksprøver av tradisjonell røykelaks også med seg eit nytt produkt: Ein laks som var tilberedt med varme og røyk samtidig.

Svanøy Røykeri ba om tilbakemelding frå publikum

Svanøy Røykeri ba om tilbakemelding frå publikum Foto:

– Dette er ein test-variant som vi har laga i hagen, rett og slett, med eit bål i botnen av eit skap. Den har lagt på rundt 60 til 65 grader i opptil to timar, seier Gro Sveen.

– Slik vi har gjort det no kan vi berre lage til ti kilo i slengen, men vi ventar på å få inn eit skap som har kapasitet til å tilberede 150 kilo, seier Gro Sveen.

Klart til «Godt i Gapet»

Jentene frå Svanøy Røykeri inviterte folk til å smake og delte ut skjema for å komme med tilbakemeldingar på ting som saltinnhald og konsistens.

– Vi håper å få inn ærlege tilbakemeldingar. Vi har til no fått inn over 150 skjema og håpar å kunne bruke dei og dei vi får inn i månadane framover, til å utvikle eit best mogleg produkt.

– Vi håper å ha klart eit produkt som folk kan kjøpe under «Godt i Gapet», og vi skal prøve å få det ut i butikkane før jul.

– I sommar og haust kjem vi til å eksperimentere og ha med oss smaksprøvar på marknader rundt omkring.

Artikkeltags