Snart klare for Laksens dag

Med Kent Ole Strømsøy

Artikkelen er over 5 år gammel

Førebuingane er i gang. Men medan du ventar på Laksens dag, kan du lære deg å filetere laks som ein mesterkokk. Sjå videoen her.

DEL

Det er ikkje ei lita jobb dei har føre seg fram til Laksens dag i Florø 20. juni, kokkane i Kokkenes mesterlaug Sogn og Fjordane. Dei skal lage til 3500 smaksprøve-pakkar av laks fordelt på sju ulike rettar. Desse skal alle vere klare til dess.

- Vi ønskjer å vise kva for ei fantastisk råvare laksen er. Den er ganske allsidig. Og det treng ikkje vere så veldig avansert for å vere godt, seier to av meisterkokkane Kent Ole Strømsøy og Sondre Strand. Til dagen arbeidar dei som kokkar i høvesvis Bistro To Kokkar og på Quality Hotel.

Tips:

  • Ikkje oversteik laksen, ver skånsam med temperaturen.
  • Om naudsynt, legg fisken i saltlake i staden for å toppsalte den etterpå, då får den ein saltsmak gjennom heile fisken. 200g laks kan ligge i ei saltlake på 6-10 prosent i ti minutt.
  • Om du bakar laksen i omnen, ta den ut før den er heilt ferdig og la den ettersteike i nokre minutt før du serverer.
  • Servèr den rosa inni.
  • Skal laksen varmebehandlast bør den stå framme ei stund først, slik at kjøtet får romtemperatur.

Meir om Laksens dag i torsdagsavisa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken