Gå til sidens hovedinnhold

- Lagar florøværingar mat utruleg mykje kjappare enn folk i Måløy?

Debatt

- Ope brev til kommunedirektør Terje Heggheim

Vi viser til eit notat sendt til dei folkevalde angåande innsparing ved å legge ned det kommunale kjøkkenet i Måløy. I notatet skriv du at ein ved å overføre dette til Bordgleder i Florø, vil kommunen spare 4 årsverk med ei brutto innsparing på 2,7 mill. kr. årleg, og ei netto innsparing på 1,8 mill. kr pr år.

Dette kan høyrast ut som ei god sak for Kinn kommune og dermed ha innsparingspotensiale. Dette har konsulentselskapet Agenda Kaupang peika på. Deretter har du fått PWC til å kontrollrekne og dei stadfestar at dette stemmer. Så langt ser alt vel ut. Dette skal leggast fram for politisk handsaming med denne dokumentasjonen, der uavhengige konsulentar har sett på dette med nye friske auge.

Men ein eller annan stad, så må der ha kome rusk i auga, om ikkje du har gjeve oppdraget med føringar som ikkje stemmer med verkelegheita. Saksopplysningar som er av avgjerande tyding er som følgjer: Bordgleder skal overta denne produksjonen utan å auke talet på tilsette. Det er her vi verkeleg undrar oss. Meiner kommunedirektøren i fullt alvor at Bordgleder kan overta å forbrede/lage 3 måltid pr. dag dvs. frukost, lunsj og middag til 137 personar, utan at det er nødvendig å auke talet på årsverk?

Det vert hevda at Bordgleder har god kapasitet. Dersom dei har så stor overkapasitet at dei kan gjere dette arbeidet som ein har brukt 4 årsverk på i Måløy, så må florøværingane være alvorleg mykje kjappare og flinkare enn dei tilsette i Måløy. Det kan hende, iallfall dersom dette vert sett på med enkelte Florø-auge, men det tvilar vi på sterkt på. Dei er vel nokså likeverdige.

I PWC-rapporten vert det peika på kosten/varekjøpet hos det kommunale kjøkkenet i Måløy. Rapporten viser at Måløy-kjøkkenet ligg langt lavare innan dette området, der ein i Måløy brukar kr 138,- pr måltid pr person, brukar Bordgleder 172,- pr måltid pr person. Kvifor gjer dei det? Har det med at avdelingsleiaren i Måløy har vore mykje meir prisbevisst, at dei m.a. har baka alle brøda sjølve, og at matsvinnet har vore minimalt? Dette er nokre fakta som ikkje kjem fram i rapporten. Med dette, samt auka fraktkostnader, så vert ikkje innsparinga 2,7 mill. men 1,8 mill. kr. Vi har kontrollsjekka dette litt med andre kokkar. Dei stadfestar at dette er ikkje mogleg å gjennomføre, utan å auke tala på årsverk i Bordgleder. Dersom ein skal lage , pakke og merke dei som må ha diettar, så verkar 4 årsverk lite.

Kommunedirektør, vi vil ha svar på desse spørsmåla. Om du meiner at ein ikkje treng å tilsette fleire, så forsøker du deg på eit liknande reknestykke som du er ansvarleg for i skattetakstsaka. Då vil dette på nytt gå ut over den tilliten som politikarane og innbyggarane skal og må ha, til at administrasjonen ved kommunedirektøren gjer rett saksutgreiing. Kommunedirektøren må ha klart føre seg at dette er ei sak der det ligg mykje kjensler rundt. Vi er ansvarleg for maten til dei som bygde samfunnet vårt, og det skjerpar kravet til at saksutgreiinga er rett.

Vi har dårleg erfaring med å sende over slike spørsmål og få svar innan rimeleg tid frå kommunedirektøren. Saka er av stor interesse for innbyggjarane, så derfor sender vi dette som eit ope brev i media i tillegg til di mail-adresse. Vi ser fram til svaret ditt snarast med interesse.

Du opplyser i ditt notat at du har gitt dei folkevalde informasjon om vegen vidare, og at du går vidare med samanslåinga av kjøkenet. Betyr dette at nedlegging av kjøkenet alt er vedtatt (i budsjettet og utan saksutrgreiing), og at der ikkje skal vere meir politisk handsaming av saka? I tilfelle stiller vi oss undrande på om dette er lov.

Kommentarer til denne saken