Gå til sidens hovedinnhold

Kystverket: Slepet av det nederlandske lasteskipet er i gang

Bergingsmannskaper har klart å få festa slepet til det nederlandske lasteskipet. No skal skipet slepast til Breisundet utanfor Ålesund.

Det melder Kystverket klokka 22.42 onsdag kveld.

Tidlegare onsdag kveld blei bergingsmannskap firt ned i skipet frå et redningshelikopter i samband med at det blei sett i verk ein statleg aksjon på grunn av frykt for at skipet ville drive på land i løpet av natta.

Skipet skal no slepast til Breisundet, som ligg mellom Hareidlandet og Gurskøy i Møre og Romsdal.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken