Ei utvida bølgje- og straumvarsling frå Kystverket skal no gjera det tryggare å navigera langs kysten.

Den nye tenesta er tilgjengeleg på barentswatch.no , der mange båteigarar ifylgje Kystverket frå før kjenner til tenesta om bølgjevarsel.

No er tenesta blitt utvida med nye og betre funksjonar for mindre båtar.

Bølgje- og vindvarsel for lengre turar er også utvida og omfattar no heile det norske kyst- og havområdet. Etter førespurnader frå folk har Kystverket også fått inn varsel for overfartar til Danmark, områda nedover svenskekysten, seglas til Shetland, Skottland, Svalbard og Jan Mayen.

I same tenesta som viser bølgjevarsel, er det også utvikla ei varsling av straum i ulike område, fortel Kystverket, som meiner dette gjer det lettare å planleggja ei trygg rute.