Blæs nytt liv i Kystveg-prosjektet

– GODT KINN-MØTE: Det meinte Jan Henrik Nygård (V) om folkemøtet i Vågsøy i førre veke. Foto: Linda Regina Bruvik

– GODT KINN-MØTE: Det meinte Jan Henrik Nygård (V) om folkemøtet i Vågsøy i førre veke. Foto: Linda Regina Bruvik

Artikkelen er over 1 år gammel

– Det er framleis aktivitet i prosjektet Kystvegen Ålesund–Bergen, lovar styreleiar Jan Henrik Nygård. Og no blir det ny kystvegkonferanse.

DEL

Med dei siste traséavklaringane frå fylkestinget i Sogn og Fjordane, så er heile traséen for Kystvegen Ålesund–Bergen på plass.

– Dette gjer det mykje lettare å vere konkret i det vidare arbeidet med Kystvegen, seier Nygård.

5. april inviterer dei til Kystvegkonferansen 2018, denne gongen i Ulsteinvik. Der blir det innlegg og føredrag, mingling, informasjon og paneldebatt.

Innlegg og debatt

Fjord1-eigar Per Sævik kjem. Han skal snakke om reiselivssatsing i eit regionalt perspektiv. Stortingsrepresentant Helge Orten (Høgre) skal snakke om regjeringa sine framtidstankar, mens Jan Ove Halsøy, regionsjef i Norsk Lastebileigarforbund, skal snakke om transportnæringa.

Styreleiar i 45-minuttsregionen Reidar Sandal skal ha innlegg om status for Kystvegen gjennom Vågsøy, Bremanger og Flora, mens tidlegare vegsjef Olav Ellevset skal halde innlegget «Utfordringar, nytenking, rammevilkår og internasjonale trendar».

Det vert også innlegg om framtidas brubygging, og Rovdefjordsambandet – morgondagens fjordkryssingar, og Roger Hofseth i Hofseth Aqua AS skal snakke om verdiskapinga på kysten.

– Målet med konferansen er å få fram den samla verdiskapinga og potensialet som heile Kystvegen har. Å vise heile bildet. Skal vi få gjennomslag for vegprosjektet, så må vi få fram verdiane, seier Nygård.

– Samle kreftene

– Det er også eit mål å samle kreftene, både folk frå lokalt næringsliv i dei tre fylka, personar med nasjonale verv, stortingspolitikarar og lokalpolitikarar. Vi må ta sikte på brei påverknad, og påverknad direkte inn mot regjeringa, trur han.

Ein skal også diskutere korleis ein no kan ta vegprosjektet vidare, fortel styreleiaren. Det skjer i ein eigen paneldebatt.

Sist det var Kystvegkonferanse, var i Florø for to år sidan.

Artikkeltags