Flora vil og ha staten til å omklassifisere  Kystvegen til eit riksvegprosjekt.

– Viss ikkje vi gjer det, korleis skal då andre, som samferdselsministeren vite kva dei skal prioritere? sa Frp-politikaren i formannskapet tysdag.

Tysdag var absolutt siste frist for Flora til å gje klart til kjenne kva kommunen meiner om dei store prosjekta som har sjanse til å komme med i den store NTP planen som skal gjelde fram til 2023. Fylkespolitikarane skal tygge vidare på forslaga frå kommunane. Mindre samferdselsprosjekt kjem først seinare under den regionale transportplanen (RTP).

Vidare har Flora sikring av dei utsette rasstrekningane i Leversundet og mellom Naustdal og Førde på lista som eitt stort fellesprosjekt.

Også utdjuping av leia med endå fire meter ned til 20 meter kom med på den maritime lista etter forslag frå ordførar Ola Teigen. Han ville ha dette med i tilfelle ikkje Flora greier å nå fram i kampen om ekstraordinære omstillingspengar til utdjupinga. Også ny Hamneterminal og 300 meter med meir kai i Botnastranda er med på Flora si liste.