- Otteren klart beste alternativ

Aas-Jacobsen har berekna fleire brualternativ over Nordfjord.

Aas-Jacobsen har berekna fleire brualternativ over Nordfjord. Foto:

Grendalagsleiar Frode Vik i Ålfoten gler seg over eit positivt folkemøte om brukryssing. - Eg ser klart at Otteren-alternativet vil vere det beste.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Grendelaget i Ålfoten var arrangør saman med Davik Utviklingslag. Salen i Davik oppvekst var fylt til randa med engasjerte menneske frå lokalsamfunna i Bremanger. Vik reknar med det var kring 140 til stades- mellom dei også nokre få representantar frå ytre delar av kommunen.  

Rådmann Tom Joensen var møteleiar og orienterte også om Kystvegen-arbeidet i kommunen. Styreleiar for Kystvegen Måløy-Reidar Sandal orienterte om dei ulike alternativa og la fram tilgjengelege fakta.

LES OGSÅ:

- Sandal kom med god informasjon som det er nyttig å ha med seg, understrekar grendelagsleiaren.

Etter 45 minutt vart det opna for innlegg frå salen. Her dukka det opp mange engasjerte innlegg.

- Det var høg temperatur i nokon av dei, men det tok Sandal fint i land, fortel Vik. 

Ut frå informasjonen på møtet konkluderer grendelagsleiaren at det indre Otteren-Bryggja- alternativet vil vere det beste. Dette ut frå at det vil generere mest trafikk gjennom regionen. Dessutan meiner Vik at det har klome fram ny informasjon om bruteknologi med flyteelement vil gjere dette alternativet rimelegare enn det Statens vegvesen har stipulert i si førebels siste utgreiing.

- På kort sikt; er det ikkje aller viktigast å få berge ferja Stårheim-Isane?

- Dersom vi får til Otteren-alternativet vil reisetida bli så gunstig for oss at det vil vere betre enn dagens ferjeløysing.

Vik konkluderer med det ytre alternativet med ei bru som vil vere 70-80-meter høg, vil føre til mykje stengingar av brua fordi er for vêrhardt. Det midtre alternativet med bru til Almenningen meiner han er eit dårleg alternativ fordi det må til store sprengingsarbeid for å få godkjent skipsleia.

- Eg vil oppmode Reidar Sandal og styret i Kystvegen Måløy-Florø å legge vekt på vårt innspel vidare i prosessen.

Vik takkar til slutt  9.klasse for at dei stilte opp med kiosk med servering av kaffi og kaker på møtet.

Kystvegparsellar: Parsellar mellom Svelgen og Nordfjord. Lagt fram desember 2016 av Statens vegvesen.

Kystvegparsellar: Parsellar mellom Svelgen og Nordfjord. Lagt fram desember 2016 av Statens vegvesen.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags