Ønsker ikkje felles ferjeløysing

Folkemøte i Davik om kryssing av Nordfjord.

Folkemøte i Davik om kryssing av Nordfjord. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

- Eg meiner at nedlegging av både Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane for å erstatte det med eit nytt ferjeleie, er ei dårleg løysing.

DEL

Det seier leiar i utviklingslaget Nye Bremanger, Kenneth Brekke. Ein uttale han tek på si personlege kappe, sidan akkurat dette ikkje er diskutert og klarert med dei andre grendelaga i ytre Bremanger. Brekke var ein av dei som var tilstades på folkemøtet i Davik torsdag kveld. Han strekar under dersom Statens vegvesen foreslår ei løysing med eit nytt ferjeleie til 1,3 milliard kroner, så vil det vere eit tilbakesteg for både ytre og indre. Då er det betre å behalde begge ferjeleia som i dag. Folket i vest, som utgjel 40 prosent av folketalet i kommunen, ønsker naturleg nok ei eventuell brukryssing i ytre del av Nordfjord og ikkje over Otteren-Bryggja. Det vil føre til at eit lokalsamfunna i ytre, ikkje berre får lang og kronglete veg til Florø/Førde, men då også i tillegg til Måløy.

LES OGSÅ :

- Veldig informativt frå både rådmann Tom Joensen og styreleiar Reidar Sandal. Vi fekk ikkje vite så mykje nytt, men fekk litt utfyllande detaljar om alternativa. Debatten etterpå det var litt blanda drops.

B

Kenneth Brekke - leiar i Nye Bremanger.

Kenneth Brekke - leiar i Nye Bremanger. Foto:

rekke meiner at nokon av innlegga frå salen var konstruktive, men slett ikkje alle:

- Det kom fram ein del bastante meiningar, som ikkje fører til noko som helst konstruktivt i saka. Eg forstår synspunkta sjølvsagt, men vi oppnår ingen dialog og kjem ikkje vidare i prosessen på den måten. Vi ønsker å vere langt meir konstruktive og prøve å sjå heile kommunen under eitt, understrekar Brekke.

Kalvåg Bygdelag, Nye Bremanger, Ryland Grendelag, Dalen Grendelag og Berle Grendelag har hatt felles møte og har kome fram til ei felles haldning om val av trasé på Kystvegen Måløy-Florø. Kolset Utvikling har også vore med, men dei ønsker å stå fritt. Det kjem til å kome ein felles uttale frå bygdelaga i ytre over helga.    

Han kommenterer grendelagsleiar Frode Vik i Åfloten siin påstand om at Otteren-Bryggja kjem til å bli billegare enn det som er lagt fram til no:

- Då har han tydelegvis større og meir kunnskap om saka enn dei som driv med utgreiinga i Statens vegvesen. 

Artikkeltags