Onsdag vedtok Fylkestinget å starte på Kystveg-parsellen Svelgen-Indrehus.

Firdaposten intervjua Ap-politikar Åshild Kjelsnes på telefon få minutt etter at vedtaket vart gjort, og det var ein både glad og frustrert fylkespolitikar som kommenterte det historiske vedtaket.

Ho snakka rett frå levra, og kom med skarp kritikk av politikarar i «indre strok»; 

«Eg er skuffa over at fleirtalet ikkje kunne godta at vi gjekk vidare med både Grov og Terøy. Her gjekk det prestisje i saka frå dei som bur lengre inne i fylket. Her har det vore ein unødvendig front, og ei unødvendig markering frå indre delar av fylket. Dette er eit unødvendig overgrep mot kysten sine interesser, og ei manglande forståing for utvikling av bu- og arbeidsområda på kysten».

No ber ho om unnskyldning til samarbeidspartnarar som føler seg urettmessig kritisert i denne saka.

– Eg var nok litt unyansert, i kampens hete og fem minutt etter at vedtaket gjekk igjennom. Vi vant to viktige sigrar; Svelgen – Indrehus og bru over ytre Nordfjord. Ved starten av fylkestinget låg det ikkje an til at dette skulle få fleirtal. Men ved hjelp av eit godt samarbeid med indre Nordfjord og indre Sogn, så fekk vi til eit fleirtal. Dei har vore våre beste støttespelarar her, forklarar Kjelsnes.

– Uttrykket «indre delar av fylket» betyr ulikt alt etter kvar ein ser det frå. For oss i Florø kan det like gjerne vere innanfor Ramsdalsheia. Men slik vert det ikkje oppfatta av andre, og i denne saka vart det litt unyansert av meg, og det råka feil partar. Det er leit om dette skal bli hengande att, då vi fekk veldig god hjelp som eg er veldig takknemleg for, presiserer ho.

– Men eg står for det eg sa om dei som har motarbeidd Terøy-alternativet. Eg skjønner ikkje kvifor dei ikkje kunne støtte traséen, det har ingen økonomisk eller praktisk konsekvens for nokon på noverande tidspunkt. Det blei ei markeringssak. Eg sa jo også at eg har fått motstridande signal frå meir lokale krefter, og det var eit lite spark til oss sjølve. Vi har ikkje vore tydelege nok, seier Kjelsnes.