Yrkessjåførane meiner Kystvegen må gå over Terøya

Jan-Ove Halsøy, regionsjef i Norsk Lastebileier-forbund (NLF)

Jan-Ove Halsøy, regionsjef i Norsk Lastebileier-forbund (NLF) Foto:

– Kystvegen skal vere ein ny veg for kysten, ikkje ein ny tilførselsveg for midtre og indre delar av fylket. Det blir feil å argumentere for eit raskare samband til Førde.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det seier Jan-Ove Halsøy, regionsjef i Norsk Lastebileier-forbund (NLF).

Forbundet er ein politisk uavhengig nærings- og arbeidsgjevarorganisasjon for lastebileigarar som driv yrkesmessig godstransport i Norge og utlandet. Dei er 4.000 medlemmer, som representerer om lag 15.000 lastebilar.

– Norges Lastebileier-Forbund meiner at ein indre trasé via Grov ikkje sikrar eit godt og samanhengande vegsamband langs kysten. Det mest framtidsretta trasévalet slik vi ser det, er det ytre mellom Florø, Svelgen og Måløy. Vår klare oppfordring er derfor: ytre trasé gir det beste vegvalet for framtida!, seier han vidare.

På vegner av forbundsstyra i NLF i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland har han sendt ein kronikk om trasévalet til Firdaposten. I kronikken er det klar tale frå lastebileigarane:

– Det er kystområda Florø, Svelgen og Måløy som no skal ha eit raskt og sikkert samanhengande vegsamband. Det blir difor feil å argumentere med eit raskare samband til Førde, via Grov, skriv dei.

– Som storbrukar av denne vegen, med mange daglege transportar, må våre ønske vektleggast større betydning enn nokre få minutt kortare reisetid for meir sporadiske brukarar av vegen, meiner dei .

Tanken: Terøy-alternativet skal etter intensjonen knyte saman grendene i Flora og i tillegg Bremanger og Vågsøy.

Tanken: Terøy-alternativet skal etter intensjonen knyte saman grendene i Flora og i tillegg Bremanger og Vågsøy.

– Størst nytte

NLF meiner det er lett å bevise at fellesskapet vil ha større nytte av ein rask og framtidsretta veg via ytre trasé.

– Skal ein bygge gode samanbindingsvegar mellom hamnene og industrien på kysten, samstundes som ein får opna opp nye landområde som kan auke busetnad og industri, er ytre vegval det klart mest framtidsretta, påpeikar dei.

– For å oppnå ønsket om folketalsvekst og næringsutvikling på kysten må alle stå samla om felles mål om å bygge ein vekstregion. Meirnytta ved val av Terøya er så stor, at det må vektleggast som den beste løysinga når alle pluss skal summerast. Det er vinn-vinn for logistikk, næring og busetnad i området, meiner NLF.

– Sjå heilskapen i val av ytre trasé, og gi oss det beste valet for framtida. Vi er ei stor gruppe, som representerer mange arbeidsplassar, og vil ha stor nytte av dette sambandet, skriv fylkesleiarane Rolf Olav Tenden i Sogn og Fjordane, Torgils Rogne i Hordaland og Finn Andre Fredvig-Erichsen i Møre og Romsdal.

Terøy ikkje tapt

Terøy-alternativet vart som kjend nedstemt av fylkestinget i Sogn og Fjordane. Men denne delen av vegutbygginga ligg så langt fram i tid at det vil bli fleire sjansar for å påverke vegprosjektet. Uansett blir det det nye regiontinget i nye Vestlandet som skal ta prosjektet vidare, og då kan der vere eit anna fleirtal.

Det var Sp som var dei største motstandarane av Terøy under handsaminga i fylkestinget, mens Høgre og Venstre var delt, og Ap ville ha Terøy.

Flora-politikarane var frustrerte over dette tapet etter avrøystinga, samstundes som dei var glade for oppstartsløyving til Svelgen – Indrehus, og såg framover mot neste runde.

– Sjølv om vi tapte røystinga på trasévalet, så er ikkje terøyalternativet ute av bildet for alltid. Det er mange tog som skal komme til og forlate perrongen mange gonger før den tid, og det er mange utgreiingar som skal gjerast. Det trur eg også er heilt nødvendig, sa Flora-ordførar Ola Teigen til Firdaposten etter fylkestingsvedtaket i desember.

Under fylkestingsdebatten provoserte Senterpartiet mange på kysten. Sp sin Aleksander Øren Heen kom med uttalar som «Grov er det beste alternativet, dette er ikkje ein veg for Florø», «Grov tener kysten best på sikt, det er ikkje ein trasé som går om Florø», og «Dette er ein veg for at kysten skal komme seg innover til andre servicetilbod, f.eks. i Førde».

Artikkeltags