Statens vegvesen har fått i oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune å gjere eit kartleggings- og planleggingsarbeid for den delen av Kystvegen Bergen-Ålesund, som skal gå gjennom vårt eige fylke. Måndag var representantar frå dei aktuelle kommunane samla i Førde for informasjonsutveksling.
- Vi har starta innsamlinga av informasjon og knytt kontrakt med kommunane og no startar vi planleggingsjobben i Gulen i sør og jobbar oss oppover, fortel Ann Kristin Nes, som er prosjekteigar. Sunnøve Stalheim i Statens vegvesen blir prosjektleiar og skal ha med seg ein fagperson til på fast basis. Elles blir det å hente inn råd frå fagfolk som geologar og landskapsarkitektar der det er naudsynt.
- Vi skal ende opp med ei anbefaling og eit kostnadsoverslag. For nokre delstrekningar ligg det føre utgreiingar og kostnadsoverslag, medan for andre område må vi starte frå grunnen av, fortel Nes.
- Men politisk blir det jobba for å gjere Kystvegen til riksveg?
- Ja, men vi held oss uansett til oppdraget frå fylkesko
mmunen og at dette er fylkesvegar.
Den nye ordføraren i Bremanger, Audun Åge Røys, var til stades med sine fagfolk på planlegging og rådmann Tom Joensen.
- Møtet var basert på ei orientering frå vegvesenet og ein del informasjonsutveksling frå kommunane si side. Det blir spennande å følgje dette vidare, seier ordførar Røys.
Kommentarer til denne saken