Torsdag kveld serverte ordføraren Kystveg-kake til bystyret, samstundes som han takka alle som har stått på for vegprosjektet.

Teigen er letta og glad etter at fylkestinget onsdag vedtok oppstart av Svelgen–Indrehus, og at Kystvegen skal ha bru over ytre Nordfjord.

Skryter av politikarane

– Eg vil skryte av dei lokale fylkestingsrepresentantane våre. Eg var på Leikanger under fylkestinget, og dagen før avrøystinga var det ikkje stemning for å gå for Kystveg-vedtaket. Men spesielt Åshild Kjelsnes (Ap), Frank Willy Djuvik (FrP) og Bjørn Hollevik (H) har verkeleg gjort ein kjempejobb. Dei fekk snudd saka, seier Teigen til Firdaposten. 

Desse skrytte han også av under bystyremøtet torsdag kveld, i tillegg til av fylkespolitikarane Karianne Torvanger (Ap) og Helen Hjertaas (Ap), sistnemnde frå Måløy.

– Jobben dei har gjort har faktisk vore heilt avgjerande i denne saka. Eg var sjølv til stades i fylkestinget, og tysdag var det ingen som trudde på siger i denne saka. Eg gjekk og la meg klokka to natt til onsdag, då såg det framleis mørkt ut. Men fylkestingsrepresentantane våre stod på gjennom natta og utover neste dag, og fekk jobba fram eit fleirtalsvedtak. Dei har gjort eit imponerande stykke arbeid, skrytte Flora-ordføraren.

Vidare rosa han administrasjonen i Flora kommune, som også har lagt ned ein stor arbeidsinnsats når det gjeld Kystvegen.

I tillegg takka han styreleiar i 45-minuttsregionen, Reidar Sandal.

– Han har gjort ein formidabel innsats. Utan hans grundige og langsiktige innsats, og faktabaserte kunnskapsinnhenting, så hadde det vore betydeleg vanskelegare å få gjennomslag for vårt syn, seier ordføraren.

(Saka held fram under bildet)

 

Sp stod steilt mot Terøy

På fylkestinget onsdag var det tydeleg motvilje frå Sp mot Terøya som trasé. Utsegn frå talarstolen frå Sp sin Aleksander Øren Heen som «Grov er det beste alternativet, dette er ikkje ein veg for Florø», «Grov tener kysten best på sikt», og «Dette er ein veg for at kysten skal komme seg innover til andre servicetilbod, f.eks. i Førde» provoserte både politikarar og tilhøyrarar Firdaposten har snakka med.

Høgre og Venstre var delt i spørsmålet om traséval, og det vart til slutt vedteke Grov, med få stemmers overvekt. Av 31 medlemmer stemte 14 for Terøya.

Men sjølv om ein tapte røystinga på trasévalet, så er ikkje terøyalternativet ute av bildet for alltid, forsikrar Teigen.

– Det er mange tog som skal komme til og forlate perrongen mange gonger før den tid, og det er mange utgreiingar som skal gjerast. Det trur eg også er heilt nødvendig, seier han til Firdaposten.