Kystveg i det blå

ORDFØRARAR: Ordførarane i Kinn og Bremanger, Ola Teigen og Anne Kristin Førde er skuffa over finansutvalet i fylkeskommunen.

ORDFØRARAR: Ordførarane i Kinn og Bremanger, Ola Teigen og Anne Kristin Førde er skuffa over finansutvalet i fylkeskommunen.

Av
DEL

Debatt Finansutvalet i Vestland fylkeskommune sitt vedtak om oppstart av Svelgen-Indrehus er svært skuffande. I praksis er vedtaket det same som fylkesrådmannen foreslår, som er å utsette prosjektet heile perioden. Sjølv om ein startar eitt år før er 5 millionar i 2023 og 45 i 2024 langt ifrå nok til ein reell oppstart av sambandet.

50 millionar av totalt 1,43 milliardar er i praksis lik ingen oppstart. Heile 1,38 milliardar av prosjektet ligg ikkje inne i økonomiplanen noko som betyr at det ikkje vert oppstart i inneverande fylkestingsperiode. Fylkestinget vil med eit slikt vedtak gje neste fylkesting oppgåva om å finansiere vegen. Dette er svært skuffande og vil sette kysten langt tilbake.

Vestland har ambisjonar om å utvikle regionar med svak folketalsutvikling. Svelgen- Indrehus har venta tolmodig i køa av vegprosjekt. Det er no på tide at ein kjem i gang for å gje kysten det løftet dei treng for nærings- og samfunnsutvikling. Bremanger og Kinn forventer oppstart av sambandet i 2021.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken