Lastebåten Selvaagsund som natt til tysdag gjekk på grunn ved Sumarsøyna i Ytre Solund, gjekk til Florø for eiga maskin onsdag.
Dette skjedde etter ein langvarig redningsopreasjon, med innsats frå ei redningsskøyte, kystvaktfartøyet KV Tor, ein kommersiell slepebåt og båten Poseidon frå West Dykkerservice.
På eit tidleg tidspunkt tysdag føremiddag uttala vaktleiar i Kystverket at båten tok inn like mykje vatn som redningsmannskapet makta å pumpe ut, men dykkarane frå West Dykkerservice har fått tetta holet i fronten, ifølgje skipssjef Jon Skålheim på KV Tor.
Klokka 16.30 onsdag rapporterte han følgjande til Firda:
– Vi eksorterer lastebåten Selvaagsund på veg nordover til Florø, og er venta å vere framme omtrent 19.30, seier Skålheim og viser til at holet i forskipet er tetta, og at lastebåten går med ei fart på seks-sju knop.
Då Firda snakka med Skålheim ombord på kystvakta var båten i ferd med å nærme seg Stavfjorden på veg nordover.
– Skipet går for eiga maskinkraft, og i tillegg til oss på KV Tor, så er taubåten Silex også i beredskap rundt havaristen, seier Skålheim.