Gå til sidens hovedinnhold

Kystvakta øvde på "Mann over bord" - fann aldri att dokka

Artikkelen er over 2 år gammel

BERGEN: Det har ikkje gått heilt etter planen i natt for Kystvakta si øving.

Ifølgje politiets operasjonssentral leitar Kystvakta framleis etter ei dokke dei slengde over bord seint søndag kveld i Byfjorden, ikkje langt frå Sandviken og Skuteviken nær Bergen sentrum.

Meininga var å øve på Mann over bord, men "mannen" som var ei dokke iført gule regnklede, er no borte vekk for Kystvakta.

No ber politiet publikum om å vere obs og melde frå om dei ser noko til den gulkledde i sjøen, og dei aktuelle områda er Hegreneset, Sandviken og Skuteviken i Byfjorden.

Kommentarer til denne saken