Kystvakta deltok i 137 søk- og redningsoperasjonar, og gjennomførte 157 slep i fjor. I 2020 var tilsvarande oppdrag 164 søk- og redningsaksjonar, og 177 slep.

– Kystvakta har levert svært godt på oppgåvene sine og oppdrag i 2021 sjølv om året har vore prega av utfordringar med koronapandemien, seier sjef for Kystvakta, flaggkommandør Oliver Berdal.

I 2021 vart det gjennomført 1087 fiskeriinspeksjonar. Inspeksjonane resulterte i 81 åtvaringar og 45 meldingar. I 2020 vart det gjennomført 1155 fiskeriinspeksjonar, og 200 førte til reaksjonar.

– Det første av tre nye fartøy i «Jan Mayen-»klassen» blir overtekne og sette i drift mot utgangen av inneverande år. Dei nye fartøya er vesentleg større og meir kapable enn fartøya i Nordkapp-klassen som dei erstattar, og vil innebere eit stort løft for Kystvakta, seier flaggkommandør Oliver Berdal.

(©NPK)