I år har Kystmuseet nesten dobla besøkstala sine

F.v. Berit Høivik, Iver B. Nydal og Jorunn Bjerk på Kystmuseet.

F.v. Berit Høivik, Iver B. Nydal og Jorunn Bjerk på Kystmuseet. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Kystmuseet har hatt ein sterk vekst og mange aktivitetar så langt i år, fortel administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge.

DEL

Musea i fylket har hatt ein besøksvekst på 4,7 % ved utløpet av august månad, fortel Kjartan Aa Berge, administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

Men bak det samla talet ligg det nedgang i besøkstala hos sju museum, og bra vekst hos dei fire andre.

– Årets sesong er den beste sidan 2012. Det er godt vi nøgde med. Fleire av våre museum har hatt godt sommarbesøk. Det er likevel stor variasjon mellom musea, og det viser at det er godt potensial for ytterlegare vekst i besøkstala. Dette vil vi arbeide med å utvikle vidare i tida framover, seier Aa Berge.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hatt sterk vekst og mange aktivitetar hittil år. Besøkstala har auka med imponerande 93 prosent.

Delar av den sterke besøksveksten kjem frå deltakinga på Fjordsteam i Bergen med autolinebåten «Haugefisk». Heile 2.496 personar besøkte båten, og dette blir registrert som museumsbesøk.

Men i tillegg til nye aktivitetar som «Barnas Kystmuseum», konsertar og aktivitetsveker, har museet også hatt stor aktivitet på formidlingsopplegg for skular og barnehagar, informerer han.

Dette ser ein att i det totale besøkstalet, som altså har auka med over 93 prosent til og med august månad. 4.229 fleire personar har nytta museet i Florø sine tilbod, og totalt 8.771 har vore innom.

Formidling med Haugefisk

Dagleg leiar ved Kystmuseet i Florø, Berit Høivik, dreg fram Haugefisk som ein viktig faktor til besøksauken.

– Vi har nok generelt drive litt meir formidling på Haugefisk, og på turen til Fjordsteam hadde vi veldig mykje besøk, fortel ho.

På spørsmål om arrangementa har vore fleire i år enn tidlegare år, peikar ho på at museet alltid har hatt temakveldar.

– Kanskje var det endå meir av dei før. Det som har vore nytt i år, er at vi har hatt tre konsertar, sjølv om dei nok ikkje har utgjort store endringar i besøkstalet. Men vi har hatt eit anna tilbod til ungar – der har vi hatt ei satsing. Imidlertid veit eg ikkje om det har gitt så store utslag i høve besøkstalet, seier Høivik, som for tida er på ferie.

Arrangementet der den kjende paleontologen Jørn Hurum kom for å snakke til dei yngste barna om dinosaurar, drog smekkfullt hus.

– Slike spesielle arrangement dreg veldig opp – og det har vi også hatt tidlegare.

Høivik synes det er veldig fint å kunne bruke Haugefisk i formidlingsarbeidet.

– Det er berre vi av musea som har fiskebåt, og det er veldig populært! No har vi vore på tur langs kysten av fylket og har eit stort tilbod til skuleklassar gjennom Den Kulturelle skulesekken, og det har vore veldig positivt, avsluttar ho.

Vekst ved fleire museum

Av dei andre musea i fylket har også Norsk Reiselivsmuseum hatt ein sterk vekst i tal besøkande. Betalande besøkande har hatt ein auke på 18 %.

– Noko av forklaringa på veksten kjem av at vi har satsa ekstra på gruppemarknaden, og at vi har vore fleksible også utanom ordinær opningstid. Vi har dessutan fått til eit godt samarbeid med lokale reiselivsaktørar og andre lokale arrangørar. Vi har teke imot mange gode tilbakemeldingar på omvisingane, og ikkje minst våre heimelaga kaker, så ryktet om at museet er verdt eit besøk ser ut til å ha spreidd seg, seier Aa Berge.

Tilbakemeldingar frå besøkande på Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde er også gode, og dei opplever ein auke blant utanlandske turistar. Men likevel har museet hatt ein nedgang i besøkstala på over 22 prosent. 1.236 færre besøkande har funne vegen til kunstmuseet det siste året.

– Hovudforklaringa er færre utstillingsopningar i 2018 samanlikna med året før. Evaluering av årets sesong og planlegging av 2019-sesongen vil bli nokre av dei første oppgåvene som nytilsett avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland vil gripe fatt i når ho kjem 1. oktober, opplyser han.

Også Astruptunet har hatt besøksnedgang, på 11 prosent. 3.963 personar har besøkt museet. Sogn kunstsenter har hatt totalt 363 besøkande det siste året. Det er ein vekst på 21 prosent frå året før – men konkret berre 63 personar.

– Sogn Kunstsenter har hatt ein god prosentvis auke i besøket samanlikna med 2017, men besøket er framleis for lågt i høve til det vi meiner er potensialet for Hans Gjesme sin kunst, meiner Aa Berge.

Besøksstad 31.08.2018 31.08.2017 Endring 17-18 Endring i %
Kystmuseet 8.771 4.542 4.229 + 93,1 %
Norsk Reiselivsmuseum 5.865 3.860 2.005 + 51,9 %
Sogn Kunstsenter    363    300     63 + 21 %
De Heibergske samlinger/Sogn Folkemuseum 13.475 13.640 -165  – 1,2 %
Norsk Kvernsteinsenter 2.787 2.687    – 80  – 2,8 %
Anders Svor Museum    505     527    – 22  – 4,2 %
Nordfjord Folkemuseum 3.480 3.730  – 250  + 6,7 %
Astruptunet 3.963 4.450  – 487 - 10,9 %
Sunnfjord museum 4.760 6.161 - 1.401 - 22,7 %
Sogn og Fjordane Kunstmuseum 4.177 5.413 - 1.236 - 22,8 %
Eikaasgalleriet 1.068 1.505 - 437 - 29,0 %
Sum 49.214 46.995 2.219 + 4,7 %

Nedgang på nesten 30 prosent

Eikaasgalleriet har den største nedgangen i besøkstal, på – 29 prosent. Totalt har 1.068 personar funne museet verdt eit besøk i år.

– Sjølv om utstillinga «Frå likskap til brorskap til fridom» har vore godt motteke har Eikaasgalleriet ein liten nedgang i besøkstala. Ei viktig forklaring nedgangen er færre besøkande skuleklassar samanlikna med 2017, forklarar han.

Anders Svor Museum har besøk på same nivå som 2017, men det er framleis potensial for å auke besøket til museet.

– De Heibergske Samlinger- Sogn Folkemuseum hadde ein god sesong i fjor, og tangerer om lag tala i år. Museet har vidareført det gode samarbeidet med Visit Sognefjord og andre reiselivsaktørar, og vi ventar turistgrupper fram til midten av oktober, samanfattar direktøren.

Etter fleire år med god besøksvekst er årets tal for Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad om lag på same nivå som i 2017, med 2.787 besøkande.

Nordfjord Folkemuseum sine besøkstal er om lag på nivå med fjoråret, 3.480 gjester, og Sunnfjord Museum har hatt ein nedgang i besøkstalet samanlikna med i fjor på over 22 prosent.

– Hovudforklaringa på dette er færre arrangement og mindre aktivitet i sommar. Med Marie Nicolaisen på plass som ny avdelingsleiar 3. september ser vi no fram til planarbeidet for neste sesong, seier Aa Berge.

Artikkeltags