Vinden tok tak i taket

Tatt av vinden: Duken på Kystmuseet sin hall rivna under sterk vind frå sør, sør-aust, ein kveld i forrige veke.

Tatt av vinden: Duken på Kystmuseet sin hall rivna under sterk vind frå sør, sør-aust, ein kveld i forrige veke. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Det bles ikkje nordavind frå alle kantar, men ein vind frå søraust resulterte i ei dyr rekning for Kystmuseet.

DEL

Det er ingenting i hallen som har tatt skade, forsikrar Berit Høivik, avdelingsdirektør ved Kystmuseet.

Hallen blei sett opp sommaren 2014 når Kystmuseet flytta båtane frå nothenget i Ausa ved flyplassen. Den vart plassert i eit område lunt for den vinden ein vanlegvis blir utsett for i området. Men i førre veke var det sterk vind frå sør.

– Den står lunt til, men når det bles frå sør og søraust tar det veldig akkurat der. Det var nok rett og slett berre uhell med vindretninga som gjorde at duken rivna. Vi har også måtte felle eit tre utanfor inngangen, som hadde sprokke, og det har kommen ein skade på eit vindauge i båthallen.

Eit vindu i båthallen sprakk samme kveld, men kva som er årsaka er ikkje godt å seie.

Eit vindu i båthallen sprakk samme kveld, men kva som er årsaka er ikkje godt å seie. Foto:

– Det skal ikkje stå slik lenge. Vi har venta på tilbod, og kjem til å gjere ei vurdering på det og forhåpentlegvis vil vi kunne gjere ei bestemming på det i dag.

Høivik kan og fortelje om at det har blitt gjort hærverk i området. På Brendøya har skilt i samband med natur- og kulturløypa over området blitt knust og øydelagt såpass at dei har måtte fjernast. Høivik håper at folk vil respektere eigedommen og ikkje ta seg til rette.

Eit tre like utanfor inngangen sprakk og har blit fjerna. Ikkje langt unna har fleire tre blitt røska laus frå berggrunnen.

Eit tre like utanfor inngangen sprakk og har blit fjerna. Ikkje langt unna har fleire tre blitt røska laus frå berggrunnen. Foto:

Artikkeltags