Gode besøkstal for Kystmuseet

Her frå Kunst for kidz-utstillinga i 2017.

Her frå Kunst for kidz-utstillinga i 2017.

Artikkelen er over 1 år gammel

Museet i Florø hadde ein auke i publikumsbesøk på nesten 30 prosent i 2017.

DEL

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane hadde totalt sett ein auke i tal besøkande på fem prosent i 2017.

Totalt 66.830 gjester var innom, ein auke på 3016 frå året før.

Kystmuseet aleine hadde ein auke op 27 prosent. Dette skuldast eit godt samarbeid med skulane og barnehagane i Flora og Vågsøy, med godt besøkte formidlingsopplegg, skriv stiftinga i ei pressemelding.

7.949 personar var innom museet i 2017.

- God sommarsesong

Kystmuseet hadde også ein god sommarsesong, med auka tilbod til barnefamiliar og tilbod om omvising i Bataldenbua. Museet har og hatt mange arrangement i samband med Lev Vel-prosjektet, som er kurstilbod på dagtid og tilrettelagt formidling for eldre.

- Vi har ikkje hatt så gode besøkstal i musea sidan før 2012, noko vi er godt nøgde med. Når vi i tillegg har aukande grad av tilfredse besøkande er dette særs gledeleg, seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge.

- Vi hadde ein fin vekst på hausten med både turistar og formidlingsopplegg, men vi har eit potensiale for å auke besøkstalet i sommarsesongen, seier Aa Berge.

Kurs i maritime knutar, seising og spleising på Kystmuseet i Florø i 2017. Her ser vi Jorunn Bjerk, formidlingsleiar og Iver Bakke Nydal.

Kurs i maritime knutar, seising og spleising på Kystmuseet i Florø i 2017. Her ser vi Jorunn Bjerk, formidlingsleiar og Iver Bakke Nydal. Foto:

Norsk Kvernsteinssenter i Hyllestad hadde enda større auke, med heile 40 prosent. Museet har hatt ei positiv utvikling over fleire år, og det er auka aktivitet med fleire arrangement, i tillegg til generelt auka besøk, som skuldast auken.

Nedgang

Sogn og Fjordane Kustmuseum i Førde hadde ein nedgang på to prosent. 6.926 personar var innom der i løpet av året.

Også Sogn kunstsenter (-4 prosent) og Nordfjord folkemuseum (-8 prosent) hadde nedgang i publikumstala.

- Sjølv om vi er opptekne av å lukkast med besøksvekt ved alle kustmusea våre, er vi samla sett nøgde med utviklinga for musea, seier direktøren.

Lanserer museumspass

For at musea skal klare å hente ut meir av veksten som er i reiselivet i fylket, lanserer dei no eit eige museumspass for 2018-sesongen.

Ved å kjøpe dette passet får ein fri inngang til alle musea ein gong i kalenderåret.

- 2018 er eit prøveår for dette produktet, og vi er spente på mottakinga, seier Aa Berge.

Besøkstal

DHS- Sogn folkemuseum: 18.036 (+1 prosent)

Nordfjord folkemuseum: 8817 (-8 prosent)

Sunnfjord museum: 8035 (+1 prosent)

Kystmuseet: 7949 (+27 prosent)

Sogn og Fjordane Kunstmuseum: 6926 (-2 prosent)

Norsk reiselivsmuseum: 5881 (+7 prosent)

Norsk kvernsteinsenter: 3243 (+39 prosent)

Astruptunet: 4793 (+6 prosent)

Eikaasgalleriet: 1866 (+7 prosent)

Anders Svor museum: 774 (+58 prosent)

Sogn kunstsenter: 511 (-8  prosent)

Totalt 66.830 (+5 prosent)

Artikkeltags