Avduka skulptur av Bakkejekta

Lydhørt publikum på Kystmuseet

Lydhørt publikum på Kystmuseet Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Kystmuseet inviterte til foredrag og skulpturavduking.

DEL

Torsdag inviterte Kystmuseet til temakveld om Bakkejekta. Ove Losnegård var henta inn til å halde foredraget «Bakkejekta – bygging og drift av Norges eldste bevarte båt», og samtidig nytta dei høvet til å avduke skulpturen av Bakkejekta, som står ved Kystmuseet.

Bakkejekta er ei lita jekt frå Holmedal, 30 fot lang og bygt rundt 1750. Etter eit langt og omskiftande liv nyt ho no sitt otium i Kystmuseets faste utstilling, men i si ungdom var ho rekna som ei svart så rask jekt. Den skal ha segla frå Holmedal til Bergen på berre sju timar, noko som gjer ei snittfart på 9.7 knop, om vinden var gunstig.

Bakkejekta er ein av landets aller eldste bevarte båtar, som ikkje er graven ut av ein vikinghaug, og er bydt med teknikkar frå mellomalderen. I 2006 vart ein kopi av Bakkejekta sjøsett og døypt etter alle kunstens reglar, og det var dette prosjektet Losnegård var henta inn for å snakke om.

Skulpturen av Bakkejekta er laga av florøværingen Hjalmar Lothe. Han er skulptør og bildehoggar, som i dag bur og arbeider i Bygstad. Han har også laga skulpturen som står på kaifronten ved Horne brygge, kalla Sildestimen. Eller Sild i stim, om du er ein aktiv Pokémon Go-spelar. Dette er nemleg også byens kanskje mest populære pokestop og gym, for dei som bryr seg om slikt.

Artikkeltags