– Kystmuseet er i veldig dårleg forfatning
Delar av Kystmuseet i Florø er stengt, både på grunn av forfall og krav til arbeidsmiljø og rømmingsvegar. Og vegen til museet er så smal og kronglete at ein ikkje får ned større køyretøy for å rehabilitere bygga. Museet si framtid er no avhengig av ein ny tilkomstveg.