– Kysten kan snart stå utan tilgang til villaksen

PÅ TIDE: Halvard Hovland meiner kysten må ta debatten om forvaltning av villaksressursen no.

PÅ TIDE: Halvard Hovland meiner kysten må ta debatten om forvaltning av villaksressursen no. Foto:

FLORØ: Halvard Hovland viser til at laksen er ein fantastisk nasjonal ressurs som både kyst og innland må kunne ta del i.

DEL

Kilenotfiskar Rune Eikeland viser til ei ny regulering, som han meiner vil utradere kilenotfisket på kysten. – Dette er kulturarven vår og historisk like viktig fiske som elvefisket, påpeikar han til Firdaposten.

Eikeland utfordrar miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og stortingsbenken frå gamle Sogn og Fjordane på kvifor dei ønsker å strype moglegheitene for å drive med det tradisjonsrike kilenotfisket på kysten. Fisket er no ope i berre fire døgn i perioden 15. juli til 29. juli i Frøysjøen, i motsetning til inne i Nordfjorden der ein kan fiske dobbelt så lenge.

Halvard Hovland meiner det er på tide å kunne debattere problemstiliinga:

– Laksen er ein fantastisk nasjonal ressurs som må forvaltast med klokskap. Den har gitt oss oppdrett, elvefisket og gamle og viktige sjøfiske trafisjonar. Ein 10 kg laks som går opp att elva er 9,97 kg tyngre enn når han gjekk til havs som smolt. At heile denne ressursen skal forvaltast av elveeigarane åleine blir feil. Om kysten ikkje tar debatten no, så vil vi stå ribba tilbake om få år. Elveeigarane har langt på veg lykkast med historia om at verdiskapinga blir så myke større om fisken blir teken i deira elv. I fisket etter saltvassfisk er argumentet motsatt, vi må stogga fisketuristane for å ha meir fisk til industrien. Å selge guida kilenot-opplevingar til turistar har også kommersiell verdi. Kven kan dessutan setje ein pris på identitet og rekreasjon?, spør han.

At heile denne ressursen skal forvaltast av elveeigarane åleine blir feil

Halvard Hovland

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken