Kyrre (27) og Skjongholm redda to frå drukning: – Eg var ikkje sikker på om eg greidde å halde han fast

– Eg såg han fekk vatn i munnen og ansiktet så eg drog han opp på skuldra og heldt han rundt livet. Han sa namnet sitt, men eg høyrde ikkje og kalla han sikkert alt mogleg. Det fortel Kyrre Nilsen, etter dramaet i Nord-Norge i førre veke.