Den norske kyrkja tek opp att fysiske samlingar og opnar dørene for gudstenester og andre samlingar innanfor smittevernreglane.

Det er no lov med inntil ti personar på innandørs gudstenester og arrangement og 200 utandørs.

Kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen håpar det kan føre til at kyrkjer lokalt kan arrangere gudstenester og andre samlingar innanfor desse rammene. Det er òg mogleg med opne kyrkjer og å halde fram det oppsøkjande arbeidet til kyrkja.

– Vi starta året med ei tilråding om å avlyse alt, det gjeld ikkje lenger. No kan barne- og ungdomsarbeidet til kyrkja gå som normalt, og det er vi veldig glade for, seier Vad Nilsen i ei pressemelding.

For gravferder gjeld framleis eit makstal på 50 personar innandørs. Gravferder er òg unnatekne frå den nye tilrådinga frå regjeringa om at arrangement blir avgrensa til deltakarar frå éin kommune.

Kyrkjerådsleiaren ser òg fram til ei avklaring på reglane om fastmonterte sete, som Helsedirektoratet har fått beskjed om å sjå nærare på.

– Vi meiner at å krevje at deltakarar blir viste til ein fast plass er eit betre alternativ, som ikkje forskjellsbehandlar trussamfunn og kulturlivet i den grad som dei gjeldande reglane gjer, seier ho.

(©NPK)