Kvinna i 40-åra skulle møte på jobb tidlegare på laurdag, men møtte ikkje opp på jobb kl.13. Ho blei sist observert klokka 08.51 laurdag morgon då ho tok Loen Skylift for å hoppe.

Det har vore leita etter kvinna med mannskap frå naudetatar, redningshelikopter og frivillige. Klokka 17.43 melde redningshelikopteret at dei hadde funne vedkommande. Pårørande er varsla i det som blir rekna som ei tragisk ulykke.