Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Ja, meiner vi! 8. mars har aldri vore viktigare.
Vi har kome langt på fleire områder innan likestilling og kampen for kvinners rettigheiter. Men på fleire områder har vi framleis ein lang veg å gå.
Framleis tener kvinner mindre enn menn. Ein ny studie viser at kvinner i Norge i snitt tener 8,6 prosent lågare årslønn enn menn, sjølv om dei gjer same jobben. Det held ikkje lenger å berre peike på at fleire kvinner tradisjonelt sett arbeidar i yrker som er lågtløna. Det i kombinasjon med at ufrivillig deltid er utbreitt i dei kvinnedominerte yrka gjer at kvinner kjem dårlegare ut, ikkje berre på lønn men òg den dagen dei skal gå av med pensjon.
Ein fersk rapport viser at 1 av 5 kvinner har blitt valdteken og at fleire unge kvinner vert utsett for alvorleg partnarvald. Valdtekt er eit omfattande samfunnsproblem og vald mot kvinner er eit stort likestillingsproblem som angår heile samfunnet vårt.
Nyleg leverte kvinnehelseutvalet sin rapport som viser at kvinners helse og typiske kvinnesjukdommar har låg status i samfunnet, og at dette kjem til syne i prioriteringane innan kunnskapsutvikling og forsking. Kvinnehelse er ikkje eit særhensyn. Utvalet foreslår fleire tiltak som skal sikre eit løft for kvinner si helse i eit livsfasehensyn. No er det viktig at dette arbeidet blir følgt opp slik at kvinner sine stemmer vert høyrt!
Den internasjonale kvinnedagen er også dagen for å ha solidaritet med kvinner verda over. Med alle dei kvinnene som ikkje bestemmer over eige liv eller eigen kropp, som blir utsett for vald og overgrep. Det burde ha vore ei sjølvfølge at kvinner har same rett som menn til å ta utdanning, være i arbeid og delta i samfunnet.
Kampen for kvinner sine rettigheiter handlar ikkje om å frata nokon noko. Det handlar om å skape meir friheit og fleire moglegheiter for alle. Likestilling handlar ikkje om at menn og kvinner skal være like, det handlar om at kjønn ikkje skal avgjere kva moglegheiter ein har.
Vi er enda ikkje i mål, difor må kvinnekampen fortsette og difor er 8. mars så viktig for oss som er opptatt av likestilling og rettferd.