Gå til sidens hovedinnhold

Kvinne skadde seg på Via ferrata-tur: Helikopter frå Florø blei redninga

Ei kvinne måtte ha hjelp for å kome seg ned frå Via ferrata-løypa i Loen laurdag kveld.

Ved ti-tida laurdag kveld melde Hovudredningssentralen for Sør-Norge at eit redningshelikopter frå Florø sette kursen mot Loen.

Ei kvinne hadde skadd seg i foten under ein tur i Via ferrata-løypa, og kom seg ikkje ned på eiga hand.

Ifølgje avisa Fjordingen deltok også personell frå Røde Kors i aksjonen, og det heile blei koordinert av politiet.

- Det er ikkje noko alvorleg, men ho kjem seg ikkje ned på eigahand, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dal Mikkelsen, til Fjordingen.

Ifølgje Sunnmørsposten var kvinna med i eit følgje på fire, inkludert ein guide.

Kommentarer til denne saken